Det er tredve år sidan dei sju trappistmunkane i Tibhirine i Algerie vart brutalt drept . Dei vart bortført natta mellom 26. og 27. mars 1996, dei vart funne døde i mai same år. Situasjonen i Algerie var kaotisk på denne tida med borgarkrigen som raste mellom regjeringsstyrkane og islamistiske opprørarar. Trappistmunkane hadde blitt åtvara fleire gonger, men valgte å bli i klosteret « Vår Frue av Atlas». Den interne diskusjonen er skildra i filmen « Om guder og mennesker» frå 2010, eg har tidlegare skreve om det. Klosteret vart grunnlagt i 1938 og hadde heile tida levd i harmoni med sine muslimske naboar, munkane hjelpte dei lokale innbyggjarane med såvel jordbruk som medisinske problem. Kva som skjedde for tredve år sidan er uklårt, munkane vart bortført jula 1996 av islamistar og halde i fangenskap fram til mai. Ein meinte i utgangspunktet at dei vart drept av islamistane som bortførte dei, men det er mogleg at dei omkom då regjeringsstyrkar gjekk til åtak på islamistane? At det berre var hovuda som vart funne har støtta denne teorien. Dei er alle gravlagt i Tibhirine.
Det var ni munkar i klosteret men to av dei unnslapp denne fatale jula. Christiane, Luc, Cristophe, Michel, Célestin, Bruno og Paul vart erklært som martyrar for trua. 8.dessember 2018 vart dei saligkåra i katedralen Notre Dame de Santa Cruz i Oran. Det er ikkje krav om mirakel for saligkåring, berre for heilagkåring dersom ein er erklært som martyr. Når dei sju trappist- martyrane blir formelt heilagkåra er enno ikkje kjent. Pave Leo vil vitja Algerie 13-15. april i år, og det blir nok då ei markering av desse sju martyrane!
«Marie nous appelle dans le Verbe
et dans l'Esprit nous laisser aller
Dans la Joie du DON
Vers le Père
Vers nos Frères»
(Poème de Frère Christophe, 1979)[
Foto: cath ch

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar