Filmen Hamnet regissert av Chloé Zhao går for tida på noske kinoar.Filmen har fått god kritikk og er oscarnominert. Filmen handlar om William Shakespear og kona Agnes Hathaway basert på ein roman av Maggie O’Farrell frå 2020. Filmen og boka er ei dramatisering av relasjonen mellom den store diktaren og kona Agnes ( det ser ut som både Agnes og Anne er brukt) frå dei først møtest og blir betatt av kvarandre og til dei må ta inn over seg den botnlause sorga som rammar dei når 11 årige Hamnet døyr.Historisk er det usikkert kva han døydde av, i filmen blir både han og tvillingsøstera Judith ramma av byllepest, ho overlever, han døyr ein smertefull død i armane til mora. Sorga er tilsynelatande uoverkommeleg særleg for Agnes. William arbeider med skodespelet som vi kjenner som Hamlet ( Hamnet og Hamlet er tilsvarande navn). Slutten av filmen skildrar korleis sorga kan lindrast gjennom kunsten framstilt ved at Agnes og brorens ser framføringa av tragedien Hamlet for første gong. Hamlet- Shakespears mest kjente drama og det mest meiningstunge med eit vidt perspektiv av fortolkingar. Ikkje minst rundt dei store spørsmål i livet, karakteristisk nok ligg nesten alle dei sentrale karakterande døde når siste scene sluttar.
Shakespears sonetter handlar og om dei store spørsmål i livet,sjølvsagt kjærleiken men vel så mykje tida og døden som alltid ligg truande i bakgrunnen, også dei stunder der diktaren uttrykkjer: « Shall I compare thee to a summer’s day» for lenger ut i diktet « And summer’s lease hath all too short a date» (sonett 18).For tida er nådelaus: « That Time will come and take my love away./This thought is as a death, which cannot choose/But weep to have that which it fears to lose.» ( sonett 64)Vi veit ikkje kven som først skal gå bort, ein sjølv eller den og dei ein elskar: « Or I shall live your epitaph to make/Or you survive when I in earth am rotten».Men kunsten kan likevel nå utover tida og døden: « Your monument shall be my gentle verse,/Which eyes not yet created shall o’er- read.» (sonett 81) Sonett 60 som er ein av dei meste kjente sluttar på same måte etter å ha skildra tida som utan nåde « Like as the waves make towards the pebbled shore/ So do our minutes hasten to their end», men det er håp for: «And yet in hope my verse shall stand/ Praising thy worth, despite his cruel hand.»

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar