lørdag 21. februar 2026

Thea Bowman

 Eg oppdager stadig nye og spennande personar og lagnader. Den siste er Bertha Elisabeth Bowman,med klosternavnet Thea. Ho hadde afroamerikansk bakgrunn og vart fødd i Yazoo city i Mississippi i 1937.Bestefaren var fødd som slave, faren var lege, mora lærar, og Thea var deira einaste barn. Familien var metodistar, men Thea gjekk på katolsk skule som var dreve av fransikanersøstre. På denne tida var landet prega av raseskilje som gjekk like inn i dei kristne forsamlingane,men fransikanersøstrene dreiv sitt arbeid både blant kvite og farga.Alt som niåring ønskte ho å bli døypt katolsk og foreldrene gjekk med på det.Inspirerte av fransiskanersøstrene  følte ho tidleg på eit klosterkall, og lik Thérèse frå Lisieux gjekk ho som 15 åring inn i ordenen Fransciscan Sisters of Perpetual Adoration. Den unge og modige Thea måtte då dra heilt til La Cross i Wisconsin, langt frå barndomsheimen. Faren hadde nok heller sett at dattera tok ei lengre utdanning, men det gjorde ho likevel. Thea studerte engelsk og fullførte i 1972 sin ph.d om Thomas Moore. Thea hadde mange evner, ho var talefør og ikkje minst svært musikalsk. Det siste utnytta når ho framheva at: « Black sacred song is soulful song.»

Thea Bowman verka lenge som lærar både i grunnskulen og seinare på universitetsnivå.Siste del av livet  var ho meir direkte involvert i meinigheitsarbeid retta mot afroamerikanske katolikkar. Ho var ein inpirerande talar og foredragshaldar med sitt «ministry of joy», også langt utover USA sine grenser i Europa og Afrika. I 1984 fekk ho brystkreft og døydde av det i 1990. Også etter ho var sjukdom stod ho på det ho klarte, karakteristisk nok talte ho til alle dei amerikanske biskopane kort tid før ho døydde. Til slutt leia ho dei felles song av « We shall overcome». Søster Thea Bowman har betydde svært mykje for katolisismen i USA, ikkje minst for katolikkar med afroamerikanske bakgrunn. I 2018 vart det starta ein saligkåringsprosess og ho vart erklært som «Servant of God». Dokumentasjonen er nylig oversendt Vatikanet. Ei rekkje katolske institusjoner har navn etter henne.

« What does it mean to be Black and Catholic? It means that I bring myself my Black self. I bring my whole history, my traditions, my experience, my culture, my African- American song and dance and gesture and movement and teaching and healing and responsibility as a gift to the Church.»

                                                         Foto: catholic prayer card

« Walk with us Don’t walk behind us and don’t walk in front of us. Walk with us.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar