torsdag 15. januar 2026

Ulf Ekman

 Den svenske teologen og tidlegare predikanten i pinsemenigheten Livets Ord Ulf Ekman  fylt nyleg 75 år. Det vart markert mellom anna med eit lengre intervju i svenske Dagen, gjeve att  i Vårt Land. Ulf Ekmans livsreise og trusreise har vore utanom det vanlege. Han studerte teologi og vart i utgangspunktet vigd til prest i Svenska Kyrkan.I 1983 vende han seg i ei meir karismatisk retning og grunnla Livets Ord etter mønster frå amerikanske karismatiske megakyrkjer. Mange vart tiltrekt av dette fellesskapet med lovsong, tungetale, og nådegåver med særleg vekt på lækjedom gjennom bøn og handspålegging. Enno fleire var nok skeptiske til denne formen for kristendom, som utan tvil hadde mange uheldige sider. Det innrømmer også Ulf Ekman i ettertid, og han funderar over kva resultatet hadde vore om Livets Ord hadde vakse fram i ein større og meir fasttømra kyrkjeleg samanheng ? På den andre sida var det mange som fann fram til ei levande tru gjennom Ulf Ekmans forkynning i dei tredve åra han var aktiv som leiar av Livets Ord. I 2014 sjokkerte han store deler av kristenfolket med å stå fram som nykonvertert katolikk saman med kona Birgitta. Er det ikkje katolisismen og den karismatiske rørsla som utgjer ytterkantane i det kyrkjelege landsskapet ? Likevel fann Ulf Ekman sin plass her, det var nok vel gjennomtenkt og han har både skreve bok om det og formidla det i podkastar. Men kanskje er ikkje avstanden så stor, Ekman peiker på at både som protestant og katolikk " handler det om å løfte fram evangeliet om Jesus Kristus." som 75 åring har han funne sin plass, og seier i det før nemnde intervjuet at han  trivest veldig god i Den katolske Kyrkja. Han er også no oppteken av evangelisering, å nå ut med bodskapen om frelse. Men han uttrykkjer at det kanskje ikke er masse-evangelisering der tusenvis er samla som gjev det største resultatet, det vil alltid bli eit problem med oppfølging av dei frøa som vert sådd. Ulf Ekman har i dag meir tru på det personlege og nære møtet mellom mennesker, "vennskaps-evangelisering er den meste effektive måten å vinne mennesker for Gud." I eit foredrag nevner han at svært mange av dei 7000 som vart døypte påskenatt i Frankrike framhever vitenmålet til ein ven som grunn til at dei fann fram til ei kristen tru !

I 2024 hadde eg gleda av å bli kjent med Ulf og Birgitta Ekman på det katolske  arrangementet Misjon 2030 i Trondheim der vi diskuterte evangelisering fram mot 1000 års jubileet for kristninga av Norge i 2030.Eg deltok i panel saman med Ekman og biskopen Erik , leia av Eivor Oftestad. I sitt innlegg framheva Ulf Ekman at den beste måten å evangelisera er gjennom vennskap. I mitt innlegg påpeika eg  kor viktig det er at vi føl opp dei unge som søkjer Den katolske Kyrkja også etter at dei er ferdig med truskurset og har konvertert.



Misjon 2030 i Trodheim våren 2024


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar