tirsdag 27. januar 2026

Aldri gløyme

 I dag 27. januar markerer vi den internasjonale Holocaust dagen. På denne dagen i 1945 nådde dei sovjetiske soldatane utryddingsleiren Auschwitz og verda fekk innblikk i Nazi- Tysklands brutale handlingar mot dei europeiske jødane, men og andre minoritetar som romfolk og homofile. Holocaust er på mange måtar ei unik hending i historia, både i  sitt store omfang og måten det blei planlagt og utført på. Dagen blir markert i mange europeiske byar også i vårt land. Statsminister Støre talt på markeringa ved Akershus der norske jødar vart sendt frå på lasteskipet Donau november 1942, dei fleste kom aldri tilbake. Knapt noko overlevande er igjen i dag, vi har ikkje lenger førstehands vitne til desse grusomme handlingane. Desto viktigare er det å aldri gløyma, å gong etter gong å påpeika dette som skjedde for over 80 år sidan. Jødehatet har djupe røter i Europa, det blussar opp med jamne mellomrom. I dag ser vi at antisemittismen aukar både i USAog Europa, utløyst av terroraksjonen mot Israel 7. oktober for over to år sidan og den brutale krigen som følgd. Det var den største massakren på jødar etter Holocaust og gjorde utan tvil eit rystande inntrykk på alle jødar.Krigen som følgde var nådelaus og brutal, det er vanskeleg å støtta den eine eller andre sida. Det verkar håplaust! Likevel er det viktig å ikkje gløyma, å forsvara menneskeverdet enten det er jødisk eller palestinsk. For ikkje å gløyma har vi forfattarar som prøver å setja ord på det som ikkje kan settast ord på, ein Primo Levi, ein Paul Celan.Her diktet Ospetre i “Valmue og minne” av Paul Celan:

OSPTRE, i mørket blinker løvet ditt hvitt.

Min mors hår ble aldri hvitt.


Løvetann,Ukraina er så grønt.

Min blonde mor kom ikke hjem


Regnsky, nøler du ved kilden?

Min stille mor gråter for alle.


Runde stjerne, du slynger den gyldne sløyfen.

Min mors hjerte ble såret av bly.


Eikedør, hvem løfter deg av hengslene?

Min milde mor kan ikke komme.



                                    April 2017. Vi vitjar konsentrasjonsleiren Auschwitz.Sterke inntrykk.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar