torsdag 29. januar 2026

Nordens apostel

 3.februar er minnedagen for Den heilage Ansgar, også kjent som Nordens apostel. I år er det 1200 år sidan hans første misjonsreise til Danmark i 826, det innleia kristninga av landet. Jubileums feiringa vart innleia med ei økumenisk gudsteneste i domkyrkja i København som er kjent som St.Ansgar domkirke. Kardinal Parolin leia sermonien, saman med han var biskopar frå heile Norden og Tyskland,dessutan mange prestar.Dette er nok mest eit dansk jubileum, Sverige vitja han på misjonsreiser to gonger, men han kom aldri til vårt land.Under sermonien uttrykte erkebiskopen av Hamburg støtte til Danmark og Grønland, noko som vakte stor begeistring!

Den heilage Ansgar vart fødd i Corbie i det nordøstre Frankrike, han var av adeleg familie og gjekk tidleg inn i benediktinarordenen og fekk si utdanning der.Han er kjent som Nordens apostel, skytshelgen for Skandinavia og for bispedømmet Hamburg-Bremen.

Den landflyktige danske kongen Harald Flak let seg døypa saman med kona og eit hundretals følgjarar i 826. Kongen bad om misjonærar som kunne følgja til Danmark og utbreia evangeliet. Keisaren foreslo Ansgar og ein medbror. Dei drog til Danmark og dreiv misjon ved Hedeby ei kort stund, men måtte så dra tilbake til Tyskland. Dette var første misjonsforsøk i Danmark, og arkeologiske utgravingar tyder på at det har vore kristne i Danmark frå denne tida. I år markerar vi altså 1200 jubileet for dette. I 830 dreg Ansgar til Birka ved Mälaren etter oppfordring frå kong Bjørrn på Haga. Det var då bygd ei kyrkje her. I 832 finn vi så Ansgar i Roma der han får paveleg godkjenning av utnevninga til erkebiskop og med ansvar for misjon i dei nordiske landa.I 850 gjer han på ny ei misjonsreise til Sverige, og er også innom Danmark.

Tilbake i Tyskland er han aktiv med å grunnleggja kloster, skular og sjukehus, men som mange av dei store helgenane har han ei sterkt indre liv i bøn og meditasjon. Hans store ideal er Den heilage Martin av Tours. Ansgar vart ikkje martyr som han hadde tenkt, men døyr fredeleg i Bremen 3. februar 865. Han vart sett på som ein heilag mann, og helgenkåra lokalt nokre år seinare. Danmark vart først kristna 100 år seinare under kong Harald Blåtann, men grunnlaget for dette var lagt av Ansgar. Ansgar kom aldri til Norge, og vårt land vart kristna først på 1000 talet.Det vart ingen utbreidd kult med utgangspunkt i Den heilage Ansgar, og få kyrkjer er vigd til han. I Norge er det bare St.Ansgar katolske kyrkje i Kristiansand. Dette er likevel ei viktig markering, det var den første spede byrjinga til overgangen  frå heidendom til eit kristent samfunn i Norden.Femhundre år seinare fekk vi Reformasjonen og med det ei tragisk splitting mellom katolske og protestantiske kristne. Kardinal Parolin la i si preike i København særleg vekt på det økumeniske aspektet ved denne markeringa. Han peika på at :” Kirken er ikke en organisasjon vi har oppfunnet, men en levende virkelighet som vokser gjennom Den hellige Ånds virke.”

Heilage Ansgar be for alle kristne i Norden!



                                     St.Ansgar katolske kyrkje i Kristiansand

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar