søndag 29. mars 2026

Gamle og nye tårer

 Dag og Tid 27. mars

Om gamle og nye tårer

Eg veit ikkje heilt om det stemmer, men eg har eit bestemt inntrykk av at det er lågare terskel for å visa kjensler i det offentlege rom enn det var for eit par tiår sidan. Det blir felt tårer både når ein vinn og taper ei idrettstevling, når ein artist lukkast eller mislukkast, og kanskje når det blir avslørt at ein politikars moral ikkje held mål!

Den svenske historikaren Peter Englund er ein meisterleg formidlar  av så vel  feltherrar med sine krigar  og slag, som  det nære og daglegdagse. Går vi tilbake til førmoderne tid ville vi blitt slått av  kor høglytt folk gav uttrykk for kjenslene sine i tårer, hulking og rop. Det gjaldt så vel gamle som unge, menn som kvinner, både dei høgt og lågt  i samfunnet. Ein feltherre som hadde tapt eit slag kunne kasta seg på jorda i jamring og gråt. Men dette treng ikkje vera  uttrykk for at tidlegare tiders menneske var meir «barnslege» eller «kjenslemessig ustabile» enn vi er. Peter Englund peikar på at grensa mellom det private og det offentlege var  heilt annleis  enn i moderne tid. Privatlivet i vår forstand eksisterte ikkje i Mellomalderen og heller ikkje på 16-1700 talet,det kom  først utover 1800 talet. Gråtfylte kjensler  vart   gradvis privatisert, men og feminisert, forskjellen mellom menn og kvinner blei meir markert. Menn skulle ha kontroll på kjensler, seksualitet og bankkonto! Baksida var  at dei blei meir introverte og melankolske?

Historia har alltid gått i bølgedalar, og dei førmoderne kjensleuttrykka ser ut til å vera  i ferd med å koma tilbake både på godt og vondt. Det er nærliggjande å  tenkja at grensene mellom det private  og offentlege igjen er i ferd med å forskyva seg.  Ei grenselause eksponeringa av eige privatliv via sosiale media må nødvendigvis føra til at det offentleg rom igjen blir ein arena der dei høglytte kjenslene  får boltra seg.

 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar