fredag 7. september 2012

Johannes - Brudgomens ven.

" Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. " Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. Han skal veksa, eg skal minka."
(Joh. 3. 29-30)
"Brudgomens ven:om den ortodokse vørdnaden av forløparen" er tittelen på den russisk teologen og religionsfilosofen Sergej Bulgakovs ( 1871-1944) verk om døyparen Johannes. Der  legg han fram eit perspektiv på Johannes, ikkje bare som Jesu forløpar og døypar men og  som hans  første ven.
Sergej Bulgakov vart fødd i 1871, han tilhøyrte ein familie med mange ortodokse geistlege. "Eg vart fødd i ein prestefamilie, og seks generasjonar levittisk blod rann i årene mine." I ungdomsåra gjorde han opprør mot trua han var oppdregen i , og rekna seg som marxist og materialist. Seinare fann han tilbake til den russisk ortodokse trua, han skildrar dette i boka "Frå marxisme til idealisme." Han vart utvist frå Sovjet Unionen etter revolusjonen og slo seg ned i Paris. Der var han med på å grunnleggja   eit teologisk institutt som fekk stor betydning ( L`Institut de Theologie Orthodoxe Saint Serge)
Bulgakov var inspirert av ikonostasen som ein finn i alle ortodokse kyrkjer, her er Kristus omgjeven av Maria, Johannes og englar som alle går i forbøn for oss menneske. På same måte som Maria gjennom sitt "La det gå meg som du har sagt" (Luk.1.38) gjorde det mogleg for Jesus å verta fødd som menneske, innviar Johannes han gjennom dåpen i Jordan til hans jordiske virke. Johannes svar er det same som Marias: "Då gjorde Johannes som Jesus ville"(Matt. 3.15). Iflg. Bulgakov er Johannes ikkje bare Jesu forløpar og den som døyper han, han er og Jesu første ven. Jesus blir menneske gjennom Maria, men som menneske  må han og få oppleva venskap. "Herren blei møtt i verda. Han var ikkje einsam, for ein ven som var klar og verdig til å motta han, kom ut og møtte han." Venskap er ein form for kjærleik, og sann kjærleik inneber at ein blir løfta ut av seg sjølv og får sitt sentrum i ein annan. Det er det Johannes innser når han seier." Han skal veksa, eg skal minka." Johannes venskap med Jesus blir då ikkje ein sentimental historie, men eit føredøme for alle kristne.Likesom Maria hjelper Johannes oss til å bli medaktørar i frelsesverket gjennom si forbøn og sitt eksempel.
Sergej Bulgakov talar til det moderne mennesket og gjev oss spennande nye perspektiv på evangeliet.
Det kan han som ein som  er djupt rotfesta i ortodoks spiritualitet, men som og har erfaring med den moderne tidas materialistiske livssyn.




Mikhail Nesterovs maleri "Filosofer". Pavel Florenskij til venstre og Sergej Bulgakov til høgre. Begge var filosofar med djup forankring i russisk ortodoks tru, og begge vart forfølgde av bolsjevik regimet. For ti år sidan stod eg lenge i Tretyakov galleriet i Moskva og studerte  biletet. Eg ser for meg desse to i djup samtale om eit eller anna religionsfilosofisk spørsmål mot ein bakgrunn av uendelege russiske skogar.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar