onsdag 26. september 2012

"Den forseglede engelen"

"Det er umulig å finne ord for å prise disse hellige ikoners kunstneriske fullkommenhet! Så du de livløse trærne bøye seg dypt for Himmeldronningens renhet, da skalv ditt hjerte i inderlig henrykkelse... Så du på Skytsengelen, følte du trang til å juble..... Sannelig, ubeskrivelig skjønn var denne engelen, et rent under...
Ennå kan jeg se for meg hans åsyn....lyse og forjettende... med milde øyne og med strålebunter ved ørene - et tegn på at han hørte alt overalt.... Hans folderike kledning skinte av gull og edle stener, han brynje var prydet med fjær. På brystet bar han et billede av Jesusbarnet. I den høyre hånden holdt han korset og i den venstre et flammende sverd. Visst var han et under, denne vår engel, et under av skjønnhet! "
Sitatet er frå den russiske diktaren Nikolai  Leskovs (1831- 1895) forteljing " Den forseglede engelen" som handlar om eit arbeidslag som reiser rundt til ulike anleggsplasser i Russland . Forteljinga byrjar når dei kjem til elva  Dnjepr for å bygga ei bru  der, like  ved  byen Kiev. Arbeidslaget er såkall
"gammaltruande", ei sekt som braut med Den ortodokse kyrkja på Peter den stores tid. Overalt ber dei med seg sine ikonar som dei set svært høgt, særleg ikonet som framstiller skytsengelen(Mikael ?) og som sitatet viser til. Det seier mykje om kor viktige ikonkunsten var for den vanlege russar like opp til revolusjonen. Nikolai Leskov levde omtrent samtidig med Tolstoj, Dostojevskij og Turgenjev og kom nok noko i skuggen av desse store mesterane. Det betyr ikkje at han er mindre verdt å lesa, og det betyr iallfall ikkje at han hadde mindre innsikt i russisk folkeliv og religiøsitet. Leskov var ein mangesidig mann med markerte meiningar, han kom  på kant med såvel dei liberale som dei konservative. På same måte som Tolstoj var han også skeptisk til det  organiserte religionsvesen representert ved Den russisk ortodokse kyrkja, han viste desto større sympati med den folkelege religiøsiteten. Her fann han det opprinnelege og sanne evangelium. Han var spesielt oppteken av dei "gammaltruande" som ikkje godtok liturgireformen på byrjinga av 1700 talet, og braut med den ortodokse kyrkja. Dei levde seinare som ei ustøtt sekt og vart til dels forfølgde.
I "Den forseglede engel" møter vi desse fromme og hardt arbeidande "gammaltruande". Det er ei historie om sterk tru men og ei historie om ikonkunsten i seg sjølv. Her er mange detaljar om både tradisjon og teknikk når det gjeld ikonmåling. Leskov hyllar  dei enkle bøndene sin innsikt i kunsten:
" Blant de enkleste bønder hos oss finnes kjennere som skjelner nøyaktig mellom de forskjellige skoler og retninger innen ikonmaleriets kunst. De tar ikke feil og vet straks om et helgenbillede er av en mester fra Ustjug eller Novgorod, fra Moskva eller Vologda, om de er fra den sibirske eller den stroganovske skole."


Erkeengelen Mikael . Ikon tilskreve den store mesteren Andrej Rublov.

Snart skal vi feira Minnedagen for erkeenglane (Mikkelsmess - 29. september), og då er historia om "Den forseglede engel" ei passande førebuing !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar