torsdag 20. september 2012

Guds mor Hodegetria

Sanneleg er det verdig
å prisa deg sæl,
Gudføderske,
du evig sæle og allreine
og Mor til vår Gud;
høgare æra enn kjerubar
og uendeleg meir herleg
enn serafar,
som urørd fødde Guds Ord,
sanne Gudføderske,
deg høglovar vi.

Frå Johannes Krysostomos liturgien


Guds Mor Hodegetria (vegvisar) er ein av dei mange variantane av Maria med barnet ikon. Ikonet understrekar det formelle forholdet mellom mor og barn. Iflg. tradisjonen skal evangelisten Lukas ha måla den første versjonen av dette ikonet og Maria skal ha sagt." Mi velsigning vil alltid  fylgja dette ikonet."
Maria held barnet med sin venstre arm og viser til han med den høgre armen (vegvisar), ho presenterar på denne måten sonen for verda. Jesusbarnet  velsignar med den høgre handa(den komande frelsaren) og held  skriftrullen med den høgre(det preeksistente Ordet). Enno ein gong ser vi at tekst og bilete har den same bodskapen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar