mandag 17. september 2012

Bodskapen til Maria

Då Gabriel ropte ut:
Fryd deg, Jomfru!
tok vår Herre lekamleg bustad i deg,
som ei heilag ark,
slik den rettferdige David sa,
for du viste deg vidare enn himmelen
då du bar din eigen skapar.
Ære vere han som tok bustad i deg,
ære vere han som steig fram frå deg,
ære vere han som ved sin fødsel
fridde oss ut!

Frå Theotokion i ortodoks vesper før søndag.


Eit mykje nytta ikon motiv er engelen Gabriel som kjem med bodskapen til Maria om Guds kome til verda.
Iflg. ortodoks tradisjon heldt ho på å spinna på ein handtein då engelen dukka opp. Kroppstillinga hennar avspeglar ei audmjuk og mottakande haldning slik vi og finn i bibelteksten i Lukas 1.46 som vi i vestleg tradisjon kjenner som Magnificat - Marias lovsong. Igjen ser vi korleis bilete og tekst har den same bodskapen.

Mi sjel høglovar Herren
og mi ånd frydar seg i Gud
min frelsar.

For han har sett til si tenestekvinne
i hennar fattigdom.
Og sjå frå no av skal alle
prisa meg sæl.

for store ting har han gjort
mot meg
han den mektige
heilagt er hans navn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar