"Han er biletet(eikon) av den usynlege Gud" (Kol 1.15)
Vi har dei siste åra sett ei aukande interesse for Den ortodokse kyrkjas ikoner også i vestlege land. Det finst i dag både protestantiske og katolske ikonmålarar. Forfattaren Aasmund Brynildsen var på femti og sekstitalet ein av dei få som interesserte seg for dei austlege kyrkjesamfunna generelt og ikonkunsten spesielt.I essayet " Om de hellige ikoner" gjer han greie for tradisjonen bak og det dogmatiske grunnlaget for ikonkunsten. Det er freistande å sitera litt av det han skriv her.
" I og med inkarnasjonen er Ordet også åpenbart som jordisk billede. Menneskesønnen er det levende ikon, det hellige billede av blod og kjød - alle ikoners urbillede. Og han er kommet for å gjenopprette på jorden menneskers sanne urbillede, det Gudsbillede i mennesket som ved fallet er tilsmusset, gjemt og glemt. Menneske er selv som et gammelt ikon, dekket av tykke lag av støv og smuss, overmalt av en slett kunstner med alskens falske og illusjonære billeder - men den store Mester som skapte verket, er selv kommet for å rense det og gjenopprette det guddommelige
urbillede."
Ikonkunsten er uløyseleg knytta til inkarnasjonen. Det mosaiske biletforbodet er grunngjeve i Guds absolutte transcendens, men i Kristus blir Gud tilgjengeleg og sansbar. No kan mennesket sjå og ta på det inkarnerte Ordet men hendene sine og dermed også forma bilete av det. (1.Joh 1.1)
Det materielle er blitt berar av det guddommelege, og det å måla eit ikon kan oppfattast som ein avglans av den same prosessen. Ikonet vert eit fysisk teikn på at det heilage er tilstades her og no.
Det er sjølvsagt ei etterlikning av det det framstiller men det har samstundes ein vesenslikskap som skil det frå annan kunst. Bodskapet kan formidlast såvel gjennom det talte eller leste ordet som gjennom biletet.
Kristus Pantokrator. Ikon i St. Katarina klosteret på Sinai. Sannsynlegvis frå det 6. eller 7. hundreåret.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar