torsdag 13. september 2012

Kristus Pantokrator

Kristus Pantokrator motiv av Solrun Nes, ikonmålar busett i Bergen. Ho har og skreve boka "Mysteriets formspråk" (Alma Mater 2000) som er ei kortfatta og oversikteleg innføring i ikonkunsten, både teknikken, teologien og symbolikken. Kristus Pantokrator er eit av dei sentrale ikon motiva. Kristus er framstilt i frontal halvfigur, augene er vidopne og ser direkte på oss. Frontalitet, augekontakt og det omvendte perspektiv framhevar det personlege eg-du forholdet i dette ikonet. Det er rikt på symbolikk, den raude og blå klesdrakta viser til Kristis to naturar. Det same gjer dei to kryssa fingrane i venstre hand, som samstundes viser  til døden på krossen. Dei tre samla fingrane symboliserar treeininga. Den høgre handa velsignar, den venstre held Den heilage skrifta. Glorien som omsluttar andletet er av bladgull  og viser til ein heilaggjort tilstand. Bladgullet har ein sentral estetisk fuksjon i ikonkunsten, men det er og eit bilete på det " uskapte lyset". "Gud bur i eit lys dit ingen kan koma." (1.Tim 6.16) "Gud er lys." (1.Joh 1.5) I glorien er dei greske bokstavane for "den verande" eller "den som alltid er".( 2.Mos 3.14).
På kvar side av glorien er initialane for Jesus Kristus på gresk.
Pantokrator tyder allherskar eller allmektig og ordet er nytta fleire stadar i Johannes openberring.
Slik ser vi korleis bilete og bibeltekst er knytta uløyseleg saman i ortodoks tradisjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar