tirsdag 18. september 2012

Poetica:Mitt bilete av Selja


                                 Selja

Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt

men havet krystallklårt og speglande

som ei flate vi kunne stiga ut på

gje oss på vandring mot horisonten

og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen

for over tusen år sidan

bore fram av trua og bølgjene

Den heilage Sunniva og Seljumennene

steig i land og vart verande

næra av vona og nåden

himmelen vida seg ut over dei

og over stormen, havet og fjella

heilt til det uskapte ljoset

braut igjennom og viste veg

for alle dei som kom etter

over havet eller langs ulendte stiar

for å æra skrinet med Sunnivas lekam

det som bar i fem hundre år

for så å dekkast med gløymsle

i fem hundre nye år

berre ein og annan vandringsmann

kom her i kuling eller solgylt sommardag

drakk av kjelda og det var nok

men så ein dag skulle det uskapte ljoset

på ny bryta igjennom og visa veg

til mysteriet så nært så levande

at  vi berre kunne strekkja ut handa

og verta møtt av gjennombora hender

frå den andre sida

som eit forsiktig kjærteikn

som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd

aldri åleine den lange vegen heim.





3 kommentarer:

  1. Så nydelig! Fantastisk fin tekst. Kan jeg dele den på bloggen min?
    Takk for kjempefine dager i Roma!

    Vennlig hilsen Ragnhild fra www.stasunniva.blogspot.no

    SvarSlett
    Svar
    1. PS: Jeg skal selvsagt lenke til bloggposten din!

      Slett
    2. Det er helt iorden å dele den

      Frode

      Slett