søndag 9. september 2012

Postludium

"Postludium" er lyrikaren Arnold Eidslott si tjuesjuande diktsamling. Han er 86 år så kanskje tittelen antydar at dette vert den siste diktsamlinga  hans ? Arnold Eidslott debuterte i 1953 og har vore ein sentral person i norsk etterkrigslyrikk trass i at tematikken hans bryt med det som har vore opplest og vedteke i toneangjevande kretsar i norsk kulturliv. Eidslott sin poesi har frå første stund vore klårt forankra i den kristne bodskapen, men heile tida med eit bakteppe av verdshistorie og europeisk kunst og kultur i vidaste forstand. Sånn sett har han nok likevel nådd lenger ut enn meir innadretta og direkte forkynnande lyrikk.  Den siste diktsamlinga føl i same sporet som dei foregåande. Her er eit par døme som talte til meg.

Den tause

Gud er taushet men i tausheten
skal du finne svar når du vet dette

Slik er Han som ikke vil skremme deg
med lyden av sin stemme Han allherskeren

Kom barn Han har talt i Jesus vitnet
som talte og daglig taler til oss alle.


Ein annan stad skriv han om kunsten og det heilage, poesien, musikken, biletkunsten og så filosofien ein stad midt i mellom. Som poet er det naturleg at han set poesien nærast det heilage, men musikken og poesien er tvillingar. Ei fin formulering dette, eg føler og at poesi og musikk er uttrykk for det same, det djupaste i mennesket.

Kunsten og det hellige


Musikken
er det nærmeste

Poesien
like nær like nær

Maleriet
og skulpturene nær

Jeg poeten
tror poesien nærmest

Musikken
et ekko av poesien

Nær tvillinger
disse to av urgrunnen

Billedspråket
også av det nærmeste

Filosofien
ikke kunst ikke viten

Ikke som kunsten
av urgrunnen alene

Grigorij
Potemkins kulisser

Som Descartes
bli i søvnen brødre.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar