lørdag 29. september 2012

Mikkelsmesse

I dag 29. september er minnedagen for dei heilage erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael.
Etter gammal norsk tradisjon Mikkelsmesse, Mikeli eller buferdsdagen. Opprinneleg var  det erkeengelen Mikael(Kven er som Gud ?) som vart minna denne dagen, men etter kalenderrevisjonen i 1969 vart minnedagane for erkeenglane slegne saman slik at det vart ein felles dag for Mikael, Gabriel og Rafael i vesten. Dei ortodokse har fleire festdagat for englane.
Iflg. tradisjonen var Mikael den erkeengelen som var leiar for dei englane som var trufaste mot Gud. Han hadde fire ansvarsområde. Det første var å slåss mot Satan, det andre å redda dei truandes sjeler frå fienden. Det tredje  var som forkjempar for Guds folk, difor er han også skytshelgen for Kyrkja.
Den siste oppgåva var å henta sjelene  frå jorda og bringa dei fram for domen. Det siste finn vi skildra  i norsk folkeleg tradisjon i "Draumkvedet."
Gabriel (Guds kraft) kjenner vi frå Daniels bok og frå Lukas evangeliet der han kjem med bodskap både til Sakarias og Josef, og ikkje minst bodskapen til Maria om at Gud skulle bli menneske.
Rafael (Gud har lækt) er etter tradisjonen den engelen som steig  ned å rørte opp vatnet i dammen der dei sjuke kunne stiga ned og verta lækt slik det er skildra i Joh 5,4. I Tobits bok er han den engelen som føl Tobias på reisa hans og slik er han knytta til pilegrimsreiser.

Antifon: "Havet bruste og jorden skalv da erkeengelen Mikael steg ned fra himmelen."

Antifon: "Engelen Gabriel viste seg for Sakarias og sa: Din hustru Elisabet skal føde en sønn og han skal kalles Johannes."

Antifon: "Jeg er engelen Rafael som står for Guds åsyn, men dere, takk Herren og fortell om hans underverk."

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar