"Øyeblikk av åpen" er Anne Samuelsens, ven frå felleskapet i Karmels tredje orden, andre diktsamlinga.
Korte , minimalistiske nesten haiku liknande dikt, men med desto større djup mellom linjene og med ein stor og vid himmel over.
"Vannlilje
i vann
ikke som før
knute
av uforløste
kronblad
for
tiden er kommet
strålende
bar"
Det får meg til å tenka på Claude Monet sine vannliljer der himmelen speglar seg i vannlilje dammen og ein opplever at noko er større enn ein sjølv, noko peikar utover mot det uendelege, det varige ,det himmelske om ein vil. Og no er tida her, noe er augneblinken der ein grip etter dette andre og blir grepen.
Denne opplevinga av å vera open, klar til å ta i mot Den som kjem ein til møtes.
"Stemmer
strengene mellom
Deg og min avgrunn
og jeg er øyeblikk
av åpen"
Takk skal du ha Anne !
Diktsamlinga har kome ut på Efrem forlag. Følg link nederst på bloggen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar