fredag 21. januar 2011

Sandkorn

"Så lenge skal eg elska deg som tid og sandkorn renn." (Robert Burns 1759-1796)

Sigrid Terese Moldestad  opprinneleg frå Breim vart kåra til årets folkemusikar i 2010. Ho har tidlegare også vorte tildela Spelemannsprisen i 2007. Begge deler vel fortent. Ho spelar hardingfele og syng, på den siste plata "Sandkorn" som kom i fjor og fekk svært gode kritikk, bidreg ho og med eigen musikk og eigne tekstar.
I tillegg til eigne tekstar har ho nytta omsette dikt av skotske Robert Burns noko tittelen  "Sandkorn"viser til. Her er også det fine Jakob Sande diktet "Eg ser inn i augo dine" som innleiar plata.

"Eg ser inn i augo dine
det er som ein stjernekveld
dei strålar og skin mot mine
med glans av ein evig eld

Stjerner og sylvblank måne
lyser på djupblå kvelv
og stilt upp i eterblåne
står venus solklår og skjelv

Lysande vederbogar
eldskrift i rømdi dreg
himmelhøgt mot meg logar
å kor eg elskar deg."

Her er og "Vise til far", tekst og musikk av Sigrid Moldestad. Personleg og gjenkjennande for alle med aldrande foreldre. Det er ikkje alltid så lett " Når våre liv blir snudd opp og ned og eg skal vera den sterkaste"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar