onsdag 19. januar 2011

Og eg var sorg

Og eg var sorg

"Og eg var sorg og heldt til i ei hole.
Og eg var ovmod og bygde attum stjernone.
No byggjer eg i næraste treet,
og um morgonen når eg vaknar ,
trær fura gull på nåli."

Olav H. Hauge har lenge vore ein av favorittane mine. Utgåva av "Dikt i samling"  er blitt  sliten. Dei fleste av dikta hans er korte og konkrete, ofte med utgongspunkt i noko daglegdags.Men dei viser alltid utover det daglegdagse til det universelle, og dei knyter saman desse to aspekta ved tilværet. Her er mykje livsvisdom. Eg minnest og godt mitt første og einaste møte med diktaren. Det var i midten av mars 1976, siste året på gymnaset, rektor hadde invitert han til å lesa dikt i norsk timane. Eg hugsar ikkje kva han las,men eg ser han klårt for meg. Seinare fann eg til  mi store glede eit kort notat om denne skulevitjinga i dagbøkene hans som vart utgjevne for ein del år tilbake.


Det er ein kald juni kveld i 2010. Valkyrien All Stars har konsert. Folkemusikk i ny versjon men med gamle tekstar, norsk lyrikk og stev.Mellom dei tekstar av Olav H. Hauge. "Tåre du tarv ikkje falle" frå samlinga
"Under bergfall" frå 1951.



Tåre ,du tarv ikkje falla

"Det var lite for deg
men mykje for meg:
Eit smil når det galdt
og eit handtrykk var alt.

Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar