søndag 16. januar 2011

Angels sing

Eg lyttar igjen til Roxanna Panufniks CD frå 2007: Angels sing.
Roxanna Panufnik (f. 1968) er dei siste åra blitt ein av dei mest populære komponistane i Storbritannia.
Dotter av komponisten Andrzej Panufnik som flykta frå det kommunistiske Polen på femti tallet, mora  var jødisk. Foreldrene hadde eit agnostisk livssyn og ho vaks ikkje opp med religiøs påverknad, likevel valde ho katolisismen som 21 åring. Ho tok utdanning i komposisjon ved London`s Royal Academy of Music.Alt som 16 åring fekk ho sitt første verk framført, Sarah`s Requiem til minne om ei ung kusine som døydde tragisk. Roxanna har seinare markert seg som ein svært produktiv artist, ho har skreve opera, ballett, messer, korverk, kammer musikk og musikk for film og TV. Hennar mest kjente verk er kanskje Westminster Mass, som ho skreiv til kardinal Humes 75 års dag i 1998." Angels Sing" inneheld denne messa i tillegg til ei anna messe "Douai Missa Brevis" og fleire kortare verk. Ein av dei er den vakre julesongen "The Christmas life" med tekst av  Wendy Cope.
Den er som det meste av det ho skaper prega av hennar livssyn.


The Christmas life

Bring in a tree, a young Norwegian spruce
Bring hyacinths that rooted in the cold.
Bring winter jasmine as its buds unfold
Bring the Christmas life into this house

Bring red and green and gold, bring things that shine,
Bring candlesticks and music, food and wine
Bring in your memories of Christmas past.
Bring in your tears for all that you have lost.

Bring in the sheperd boy, the ox and ass,
Bring in the stillness of an icy night
Bring in a birth,of hope and love and light.
Bring the Christmas life into this house.




For meir informasjon om Roxanna Panufnik

http://www.roxannapanufnik.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar