mandag 17. november 2014

Guiseppe Moscati - lege og helgen

16. november er minnedagen for den heilage Guiseppe (Joseph) Moscati ( 1880 -1927), den første lege i moderne tid som  har vorte helgenkåra. Moscati var ein djupt from person som i sitt daglege arbeid såg heile mennesket ikkje bare kroppen, i sitt møte med pasientar.
Han vart fødd i Benevento i 1880, men vaks opp i Napoli der familien flytte eit par år seinare. Han tok medisnsk embetseksamen i 1903, og arbeidde resten av livet i Napoli. Her vart han stilt overfor store utfordringar i samband med vulkanutbrotet i 1906 og koleraepidemien i 1911.
Guiseppe Moscati var ein dyktig klinikar, det vart sagt at han hadde evne til å stilla diagnoser utover det vanlege. Han var nytenkjande og var mellom anna ein av dei første som tok i bruk insulin i behandling av diabetes. Det hadde gjort setrkt inntrykk på han då mora døydde av denne sjukdomen eit par år tidlegare. Moscati var ikkje berre klinikar, men  og undervisar og forskar. Forskninga hans var hovudsakleg innan biokjemi.
Guiseppe Moscati vart ingen gammal mann, kanskje tok han ut alle sine krefter i arbeidet for sine medmenneske ? 12.april 1927 vart han funne død sitjande i stolen sin mellom to pasientkonsultasjonar. Slik kan ein seia at han døydde på sin post.
Frå han var unge var Guiseppe Moscati ein mann vendt mot Gud, han byrja alltid dagen med messe og trakk seg ofte tilbake i bøn. Skriftemål og kommunion var for han "den første medisin,"
"Husk, du må ikkje bare ta deg av kroppane men og dei klagande sjelene som kjem til deg."
Han bar alltid ein rosenkrans i lomma for å minnast på Marias hjelp i vanskelege avgjerder.
Etter sin død fekke Guiseppe Moscati snart eit rykte om ein heilag mann. Han vart saligkåra i 1975 og kanonisert av pave Johannes Paul  25. oktober 1987.

Den heilage Guiseppe Moscati, forbedar og inspirator i arbeidet for dei sjuke og lidande !

onsdag 12. november 2014

Alt er fåfengt ?


         «I hjartet mitt sa eg om menneska:

          Gud prøver dei så dei sjølve kan sjå

          at dei er som dyr.

         

          For det går slik med mennesket

          som det går med dyra,

          den eine som den andre:

          Begge skal døy,

          same livsanden har dei alle.

          Mennesket har ingen fordel framfor dyra.

          For alt er forgjengeleg.

         

          Alle går til same staden.

          Av støv er alle komne,

          og til støv skal dei bli på nytt.

          

          Kven veit om menneskeånda stig opp,

          medan dyreånda fell mot jorda?

         

        
        (Fork 3.18-21)

Den djuptloddande forfattaren av «Forkynnaren» stiller det grunnleggjande spørsmålet som menneska til alle tider har stilt seg. Er det noko meir eller er alt bare «fåfengt og forgjengeleg ? »(Fork 1,2) Kva er vitsen med alt strevet ? Det er uansett til fånyttes ?
Mange i vår tid tenkjer slik og sånn sett er dei bibelske tekstane stadig like aktuelle. Ein forfattar som set ord på dette og som eg stadig vender tilbake til er svenske Pär Lagerkvist. Han skreiv dikt som går tett inn på det djupe mørkret som omgjev oss og den eksistensielle angsten som fyller oss når vi tek dette mørkret inn over oss. Slik som dette frå 1932:



«Tanken har intet mål

bönen har ingen fader.

Smärtan har intet hem,

längtan har ingen moder.

 

Födde utan navelsträng.

Döende okända.

Komma ur ingenting

och til Intet återvända.»

 

Slik vender Pär Lagerkvist i dikt etter dikt tilbake til desse store spørsmåla som han aldri finn svar på. Kanskje kan vi stå der motlause , eller vi kan lesa vidare i «Forkynnaren» kapittel 9:

         «Så gå og et ditt brød med glede,

          og drikk din vin med glede i hjartet!

          For Gud har alt sagt ja til det du gjer.

         

          Ha alltid kvite festklede på,

          lat oljen flyta over hovudet ditt!

         

          Nyt livet med kvinna du elskar,

          alle dine kortvarige levedagar,

          dei som Gud gjev deg under sola,

          ja, alle dine kortvarige dagar.

          For dette er din del i livet,

          midt i alt strevet og arbeidet under sola.»

 

 

 

 


lørdag 8. november 2014

Legeassistert sjølvmord: Brittany Maynard

Kreftsjuke Brittany Maynard døydde i Oregon 01. november i år 29 år gammal. Oregon er ein fire statar i USA som tillet legeassistert sjølvmord, dei tre andre er Washington, Montana og Vermont. Brittany hadde saman med mannen flytta frå heimstaten California  for at ho skulle kunna nytta seg av denne lovfesta retten i Oregon. Brittany Maynard fekk diagnosen hjernesvulst i januar i år, ho hadde den mest alvorlege forma (glioblastom), og i april fekk ho og familien beskjed om at det ikkje var meir å gjera medisinsk, og at ho hadde om lag seks månadar igjen å leva. Brittany annonsert at ho ville nytta seg av retten til legeassistert sjølvmord og "die with dignity."  Dette skapte stor debatt i USA der organisasjonen "Compassion and Choices" lenge har arbeidd for liberalisering av lovverket når det gjeld retten til sjølv å avgjera når livet ikkje lenger er verdt å leva. I Oregon har  over 750 nytta seg av denne retten sidan lova vart endra i 1997, sånn sett  var ikkje Brittanys historie eineståande på nokon måte. Forskjellen var at ho var svært ung, vakker og nygift og sånn sett gjorde nok hennar historie eit mykje sterkare inntrykk enn mange andre, og "Compassion and Choices" nytta seg medvite av dette. Karakteristisk nok var det denne organisasjonen og ikkje familien hennar som annonserte at ho døydde 1.november av ein overdose medikament skreve ut av lege. I eit CNN intervju like før seier ho:" Jeg håper at alle mine amerikanske medborgere, som jeg aldri vil få møte, skal ha samme mulighet som jeg har."

Debatten om retten til å døy når livet oppleves uuthaldeleg pågår i dag i dei fleste vestlege land, og som eg tidlegare har skreve om er det Be-Ne-Lux landa som har kome lengst i denne prosessen i det dei har lovfesta retten til eutanasi. Sveits og dei før nemnde amerikanske delstatane gjev rett til legeassistert sjøvmord. I Norge ligg vi framleis litt etter i denne utviklinga, men også hos oss er opinionen på gli i dette spørsmålet. " Dødshjelp vil bli akseptert som abort er i dag" seier professor i filosofi Lars Johan Materstvedt som lenge har engasjert seg i medisinsk-etiske spørsmål. Hans grunngjeving er at vi blir meir og meir individualistar, og dermed til ei var tid vil ha full kontroll på kor mykje liding vi skal halda ut og når nok er nok. Men dette er ein farleg veg: "Hvis eutanasi blir normalisert, vil det ligge en forventning om at man ber om det. Særlig hvis du ligger på lindrende avdeling og føler at du bare er til bry, koster mange penger og er til plage for familien din." seier ha vidare.

Humanetiker og overlege Morten Horn som og har engasjert seg sterkt i desse spørsmåla kommenterar Brittany Maynard saka før ho døydde. Han oppfattar henne ikkje som ein håplaust lidande person, det dreier seg meir om retten til å kontrollera dødstidspunktet sitt. Han meiner at dette ikkje alltid handlar om å lindra uhaldbar liding, men om å hjelpa menneske til å skapa den perfekte død. Altså igjen vårt ekstremt individualistiske samfunn der vi skal ha full kontroll over fødsel, liv og død. Men dette er ein illusjon, vi vil aldri nokon gong få full kontroll. Vi er grunnleggjande einsame i tilveret, og dette kravet om full kontroll gjer oss bare meir einsame. Mest alvorleg er det likevel at dette er ein del av den "dødens kultur" som pave Johannes Paul så sterkt åtvara mot. Dessverre er den ingen grunn til ikkje å rekna med at om eit par ti år vil alle vestlege land inkludert Norge ha tilsvarande lovgjeving som i Be-Ne-Lux landa.

Den katolske bloggaren Leila Miller har i eit innlegg om denne saka og ho avsluttar slik:
"And one last thing: Miracles, even on a massive scale, do still occur."


                                Brittany Maynard før sjukdomen ramma henne.

mandag 3. november 2014

Pave Frans om "Big bang" og evolusjonsteorien

Pave Frans uttalte seg nyleg om "big bang" og evolusjonsteorien i samband med avdukinga av ei byste av pave Benedict i Det pavelege Vitskapsakademiet. Media oppfatta det i etterkant som om Kyrkja hadde snudd og fått eit nytt syn på desse grunnleggjande teoriane.
Br.Guy Consolmagno, jesuitt og astronom korrigerte denne misoppfatninga. Paven sa ikkje noko læremessig  nytt, eller noko som bryt med katolsk tradisjon.
"Big bang" som ein i dag antek er opphavet til universet står ikkje i motsetnad til ei guddommlege skaparhandling, men er  snarare naudsynt for denne.
Evolusjonen i nauren står heller ikkje i kontrast til til tanken om ei skaping, då evolusjonen forutset skapinga av dei artar som utviklar seg.
Br. Consolmagno peika på at pave Frans sine ord ikkje står i motsetning til det tidlegare pavar har sagt om dette temaet. Pave Johannes Paul tok det opp fleire gonger mellom anna i talen "Sanning motseiar ikkje sanning" i Det pavelege Vitskapsakademiet. Pave Pius XII var inne på det same i 1952 i ein tale til Den internasjonale astronomforeininga.
Det har alltid vore ein tradisjon for naturvitskapeleg interesse i Kyrkja. Consolmagno peika på munken Gregor Mendel som la grunnlagte for genetikken, og presten Georges Lemaitre som tidleg vare inne på teorien om "big bang." Men Kyrkje tek ikkje lenger standpunkt i vitskapeleg kontroversar.
Vitskapen er fri til å beskriva og forklara verda, men har ikkje det sist ordet og er basert på oppfatninga av eit rasjonelt univers som eksisterar som ein følge av Guds skapande handling.

Forvirring oppstod og omkring pavens utsagn om at Gud ikkje må oppfattast som ein magikar eller demiurg. Enkelte oppfatta dett som om paven hadde sagt at Gud ikkje er guddommeleg.
Br. Consolmagno korrigerar igjen, det paven uttrykte er at den kristne Gud ikkje er lik ein heidensk naturgud eller gnostikaranes demiurg, men ein skapargud som gjev eksistens til alle ting.
Katolikkar går god for tanken om naturlover som forklaring på korleis naturen oppfører seg, fordi dei ikkje blandar desse lovene saman med Guds handlingar.

Gud er årsak til at universet eksisterar, inkludert tid, rom og naturlover. Vitskapen søkjer å finna ut korleis desse lovene fungerar.

søndag 2. november 2014

Allesjelersdag

Dagen etter Allehelgensdag som er ein minnedag for dei heilage, feirar vi allesjelesdag som er ein minn - og forbønsdag for alle avdøde. Dagens messe blir feira som Requiem messe - Missa pro defunctis. Gjennom musikk- historien er mange kjent med innleiingsorda til denne messa: Requiem æternam dona eis Domine, et lux perpetua luceat eis (Herre, gje dei den evige kvila, og la det evige lys skina or dei).
Det er haldepunkt for at alt i det første hundreåret vart det feira minnedagar for dei døde. Mellom anna inskripsjonar i katakombene tyder på dette. Feiringa vart etter kvart lagt til november i den vestlege kyrkja, og frå 1582 var datoen 2. november. Allesjelersdag er ein minnedag for alle døde, men vel så viktig er det at det er ein forbønsdag for våre avdøde. Dagens lesningar understrekar dette, 2.Makkabearbok 12 der det står om forbøn for dei døde, og dessutan teksten i Johannes  kapittel 11. der det står om Jesu oppvekking av Lasarus.
Etter katolsk tru kan vi hjelpa sjelene i purgatoriet ( skjærselden ) ved å be for dei. Mange negative assosiasjonar har vorte knytta til omgrepet skjærseld. Då er det fint igjen å kunna gripa til Wilfrid Stinissens utlegging i preika for denne dagen. Han ser på himmelen som ein stor katedral, og skjærselden som våpenhuset eller forhallen før inngongen. Der må ein legga av alle sine våpen, dvs. alt det som ein i løpet av livet har brukt som motstand mot Guds kjærleik. Eit fint og forståeleg bilete.

 
Livet etter døden har alltid oppteke menneska, neppe mindre i dag enn tidlegare tider. Forskjellen er kanskje at vi ikkje har våre forfedres verdsbilete der livet etter døden var noko heilt sjølvsagt. Både populærlitteraturen og vitskapen grip til erfaringar i grenselandet mellom liv og død, dvs. " Nær-døden opplevingar" eller uttrykt meir medisinsk " Awareness during resucitation." Den amerikanske filmen "Heaven is for real" som nyleg gjekk på norske kinoar hadde dette som tema. Den amerikanske hjernekirurgen Eben Alexander kom for to år sidan med ei bok der han fortel om eigne opplevingar i grenselandet til døden då han låg mange dagar i koma med livstrugande hjernehinneinfeksjon. Før det var han agnostiker, etter denne opplevinga framstod han som overtydd om at det er noko etter døden. Universitet i Southampton har nyleg studert dette vitskapeleg ved å intervjua 130 pasientar som ovelevde hjertestans (AWARE study), fire av 10 fortalde om ein form for medvit etter at hjertet hadde slutta å slå. Frå skeptikarane har det blitt hevda at dette ikkje provar noko som helst, desse personane vende tilbake til livet og var sånn sett ikkje døde. Det dei opplevde kan forklarast utfrå prosessar i hjernen under stress og surstoffmangel. Dei har absolutt eit poeng her, desse erfaringane i grenselandet mellom liv og død har stor innverknad på dei som har opplevd dei, men kan ikkje takast for prov om eit liv etter døden for alle oss andre. Vi må inntil så lenge stola på trua og det Kyrkja lærer om dette.
 
 
 
 
Kvinnherad kyrkje frå 1200 talet der mange av mine forfedre er gravlagt.
 
Den engelske komponisten John Rutters ( f. 1945) Requiem frå 1985:
 

lørdag 1. november 2014

Wilfrid Stinissen: som en skatt...

1.november, vi feirar Alle Helgens dag - Festum omnium sanctorum. Ein festdag for alle helgenar både store og små, kanskje mest for dei siste. Dei store har jo ofte sine eigne festdagar i løpet av det liturgiske året. I Allehelgenslitaniet blir dei alle anropt.
Eg les preika for dagen i dag i Wilfrid Stinissens bok "Som en skatt..." Dette er ei samling med preiker som først vart utgjeven i 1998, men som no er gjev ut på nytt i en utvida versjon på Artos forlag. Det er snart eit år sidan broder Wilfrid døydde, men han etterlot seg bøker og artiklar vi kan leva på i lang tid. Skrifter som gjev andeleg vegleiing og innsikt både for nybyrjarar og dei som er kome lengre på den indre bønas veg. Desse preikene er som alt det andre han har skreve prega av djupt innsikt i det som er den kristne truas kjerne, ein innsikt han og evnar å formidla til oss også etter at han har gått inn til det evige livet. Det vil vera naturleg å lesa desse preikene for den festdagen eller vanlege søndagn dei er skreve for.  Preika for "Alle helgons dag" har undertittelen  "Inte leva med døda utan med levande." Med døde kan vi ikkje ha fellesskap, men det kan vi med dei heilage.Om vi ser på våre avlidne vener som døde er vi einsame att. Men om vi ser på dei som heilage, lever vi i deira nærver meir enn då dei var med oss på jorda. Å gå inn i Gud er å gå inn i eit hav av lys og kjærleik og så sjølv bli ein levande eld av kjærleik. Det er alle dei "små" heilage, dei anonyme som lever i det stille og kanskje ikkje gjer så mykje av seg, men som har levd i livslang bøn for andre.
Alle helgens dag er ein festdag spesielt for alle desse "små" helgenar, dei store "får hålla sig lite i bakgrunden før at ge plats åt den enorme skaran av oanseliga, anonyma, små helgon."
Å feira dei heilage er å få del i eit fellesskap.Vi får gleda oss over andres skattar, for dei er og våre skriv broder Wilfrid. Hadde det ikkje vore rart å stå  einsame, som individualistar framfor Gud, når Gud sjølv , Faderen, Sonen og Anden, er fellesskap ? Brura er heile Kyrkja . Alle er med !Vi er utrusta med heilage. Så stor ein rikdom ! Om for ein dårskap å ikkje nytta seg av den! avsluttar  broder Wilfrid.



Audiens med pave Frans

Formiddag onsdag 29. oktober. Audiens med pave Frans på ein fullsatt Petersplass. Ulike grupper og nasjonalitetar vert helsa og velsigna av paven, frå Frankrike, Tyskland, Brasil, Argentina, Slovakia, Polen , Italia.......
I ei kort preike peikar han på at det synlege og usynleg i Kyrkja ikkje er motsetnadar, men derimot ein integrert del av Kyrkjas einskap. Dette er og eit bilete på mysteriet i Kristi person, den menneskelege og den guddomeleg natur  kan ikkje skiljast frå kvarandre. Dette er eit uttrykk for den guddomelege plan om å bringa forløysing og frelse til alle.
Vi veit at Kyrkja og er ein synleg realitet uttrykt i sokn og felleskap og i dei institusjonelle strukturar. Men denne synlege realitet er ikkje avgrensa til biskopar og presteskap, den omfattar alle døypte som trur, vonar og elskar, og som gjer godt i Jesu navn. På den måten bring dei han inn i livet til brødrene sine. Kyrkja er kalt til å vera nær kvar einskild gjennom sakramenta og som vitnesbyrd om Kristus i verda.
Så peika pave Frans på som han ofte gjer, at dette må byrja med dei fattigaste, dei mest marginaliserte, alle dei som lir.
I bøna til slutt fokuserte han på det kallet vi alle har: "Lat oss be Herren om å gjera oss i stand til å veksa i heilagdom og bli stadig meir synlege teikn på hans kjærleik til alle menneske."
Heilt til slutt kom han med ein apell om forbøn og omsorg for Mexico og den valden som herjar i landet. Han nevnte spesielt dei 43 lærarstudentane som nyleg vart myrda.
Det heile vart avrunda med at  den store forsamlinga ba Pater Noster(Fader Vår) i saman.

Det vart ein fin formiddag i eit stort  katolsk fellesskap på Petersplassen. Pave Frans gav den same positive utstråling som vi har hatt inntrykk av gjennom media. Han er rette mann på Peters stol !



                               Pave Frans på Petersplassen 29. oktober 2014.