søndag 4. august 2024

Frå nihilisme til tru

 I det siste har det vore fleire intervju i media med yngre menn som er på veg til eller har funne sin plass i Den katolske eller ortodokse kyrkja. Sjølv om det ikkje er noko eksakt tall på dette, blir det av enkelte oppfatta som ein trend. Simen Andreas på 31 år er ein av desse, han fortel om ein bakgrunn  frå protestantisk kristendom, men han oppfatta seg som agnostikar frå konfirmasjonsalder. Han kunne ikkje slå seg til ro med dette og søkte vidare både i protestantiske retningar og buddhisme, han gjekk på bibelskule og studerte religion. Det fungerte dårleg og han kom ut av det  som ateist. Lik mange unge menn lytta han til Jordan Peterson på YouTube, det førte han vidare til ortodokse Jonathan Pageau som vart ein døropnar mot ortodoksien der han etterkvart fann sin plass. Tilsvarande historiar finn vi i truskursa til Den katolske kyrkja, med fleire års erfaring som undervisar er mitt inntrykk at det no er flest søkjande unge menn som kjem til oss. Naturlegvis kvinner og litt eldre og, dessutan barnefamiliar, men absolutt eit poeng i at vi her ser ein trend, om enn langt frå å vera ei stor rørsle! Mange har vore innom andre retningar både kristne, austlege religionar og filosofiske system. Enkelte har slite med depresjonar som kan vera vel så mykje eksistensielle som psykologiske. Interessant er her også den aukande skilnaden ideologisk og politisk mellom unge kvinner og unge menn som er observert i det siste. Kvinner er meir liberale og går mot venstre, menn meir konservative og orienterar seg mot høgre. Det er neppe heile forklaringa, men med ei konservativ haldning søkjer ein kanskje lettare mot det stabile og varige ? Både katolisismen og ortodoksien har sin røter i oldkyrkja , og er kanskje meir medvitne om det enn dei fleste protestantiske retningar! 

Men det som utan tvil er karakteristisk for vår tid er ei oppløysing av tradisjonar, normer og etikk i mykje større grad enn det vi har sett tidlegare i historia. Der ein tidlegare gjekk inn i ein kulturell og religiøs tradisjon lagt der av tidlegare generasjonar, er det no opp til deg sjølv å finna ut av dette merkelege tilveret og finn den vegen som dine indre kjensler peiker på! Det er ikkje så rart at mange havnar i eit nihilistisk mørke som i neste omgang kan utvikla seg til ein depressiv tilstand. Vi må ikkje gløyma at dødsårsak nummer ein for unge menn er suicid! 

Kva har vi i såfall å tilby desse søkjande unge menn og kvinner? Noko konkret og varig, noko som har stått i totusen år og i langt mindre grad enn verda rundt har forandra seg. Noko som ikkje er avhengig av kva den enkelte kjenner på til ei kvar tid, noko som legg større vekt på det store fellesskapet av levande og døde og ikkje deg og Jesus åleine. Noko som er synleg gjennom dei sakramentale nådemiddel som føl oss frå spebarnsalder til død! Definitivt eit godt alternativ til nihilisme og mørkre.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar