mandag 11. desember 2023

Årets nobelprisar

 Vi har ei innhaldsrik helg bak oss, det var flott å følgja årets utdeling av nobelprisar såvel Fredsprisen i Oslo som dei andre prisane i Stockholm. Fredsprisen til iranske Narges Mohammadi var viktig og vel fortent. Ho er ei modig kvinne som har våga å stå opp mot det brutale og undertrykkjande regimet i Iran, og ho har betalt ein høg pris for det. Det  gjorde inntrykk å sjå dei to borna på 17 år ta i mot prisen, og så halda moras tale som var smugla ut frå fengselet  i Iran. « Kvinner, Liv, Fridom!»

Prisen i medisin og fysiologi var og vel fortent og kanskje forventa, i fjor tenkte eg dei var aktuelle kandidatar, men då gjekk prisen til svensk- estiske Svante Päbo for hans nybrotsarbeid innan genetikk. Eg har lenge følgd med på arbeid hans, det var stort då han han som den første lukkast å analysera DNA utvunne fra neandertalskjelett. Karikos og Weissmans arbeid dreier seg og om genetikk, men eit skritt vidare frå DNA, nemleg messenger RNA. Grunnforskninga deira har vore avgjerande for utvikling av nye vaksinar under coronaepidemien, og vil nok nokså sikkert  representera framskritt på mange medisinske fagfelt!

Det er ikkje så mange kvinner som har fått denne utmerkinga, i år var det tre mellom dei Claudia Goldin, professor ved Harvard. Ho fekk prisen i økonomi for si banebrytande forskning på kvinners stilling i arbeidslivet.

Så var det sjølvsagt litteraturprisen til Jon Fosse som naturleg nok fekk stor merksemd ikkje bare i Norge men over alt der verka hans blir spelt og lese! Litteraturprisen og fredsprisen er det som folk flest kan forhalda seg til, dei andre er det berre spesielt interesserte som kan forstå litt av. Eg har lenge følgd med på Jon Fosses forfattarskap, og hatt stort utbytte og glede av det, ikkje minst det siste store verket, Septologien. Kanskje har det med at eg er vaksen opp ved same fjorden som forfattaren, har same livssyn og nyttar same målet ?







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar