torsdag 5. oktober 2023

Gratulerer med nobelprisen Jon Fosse

 Gratulerer med nobelprisen i litteratur JON FOSSE! Det er mange som i dag gledar seg over nobelprisen til Jon Fosse. Han har lenge vore ein sterk kandidat til prisen og det er stor semje om at dette var velfortent. Det er 95 år sidan litteraturprisen sist gjekk til ein norsk forfattar, Sigrid Undset. Dei har det til felles at dei er omsett til mange språk, Jon Fosse til femti språk, og blir lest over heile verda. Det må og nemnast at begge er konvertittar til katolisismen!

Jon Fosse debuterte i 1983 og har seinare gjeve ut over 40 bøker i mange sjangrar, romanar, poesi, essay, barnebøker og ikkje minst dramatikk, han er den mest spelte norske dramatikarar etter Ibsen. Hans skrivestil er språkleg enkel men innhaldsmessig djup og komplisert. Dei enkle og gjentakande setningane er gjenkjennelege og unike for Fosse. Eg set stor pris både på dramatikken, poesien og romanane. Septologien er sjølvsagt ein favoritt, det er stor litteratur med klare sjølvbiografiske element. For ein vestlending som har konvertert til Den katolske kyrkja er det mykje gjenkjenneleg i kunstnaren Asles liv. Det er veldig vestlandsk og samstundes så universelt!

Fosses poesi er enkel og vakker, dels modernistisk, dels i meir tradisjonell form. I samlinga  “ Stein til stein” finn eg ei lita perle til slutt, så enkelt, vakkert og djuptloddane.

Nattsalme

Det finst ei jord som opnar opp

sitt djup av svarte natt

og løyner både sjel og kropp

til ingenting er att


Det finst ei natt som møter deg

og tek deg djupt imot

og let deg kvila æveleg,

di hand, di sjel, din fot


Det finst frå Gud i alt som er ,

i jord og nattevrimmel,

di sjel er hans, du er hans verd,

du lyser fram hans himmel.


Jon Fosse er og gjendiktar særleg av tysk språklege poetar som Georg Trakl og Rainer Marie Rilke. Men og greske klassikarar som Aiskylos, dramaet Oresteia i Jon Fosses utforming går for tida på Det norske teateret.

Kanskje passer det å avslutta med gjendiktinga av Rilkes Herbsttag - Haustdag


Herre:det er tid.Vår sommar var så stor.

Legg dine skuggar opp på solura

og lat så vindar blåsa over jord.


Og bed dei siste frukter fylle seg;

og gjev dei enno nokre varme dagar,

krev dei fyllest no i dine hagar

og gjev si siste tyngd til vinens preg.


Den framleis utan hus, han byggjer ikkje no.

Den framleis einsam, han blir einsam lenge,

og vaker, les, skriv lange  brev, vil trenge

og gå i allear alltid utan ro

og sjå lauvet flagre, ikkje henge.




1 kommentar: