onsdag 21. juni 2023

Blaise Pascal 400 år

 Det er ikkje lenge sidan eg skreiv om forfattaren Mauriac og kva Pascal hadde betydd for han. I går var det 400 år sidan han vart fødd, dette geniet som markerte seg på så mange område i sitt korte liv. Han var fødd i 1623 og døydde i 1662, og vart berre 39 år, men sette likevel større spor etter seg enn dei fleste gjennom historia. Pave Frans publiserte eit apostolisk brev i høve 400 års dagen, han poengterar at Pascal like frå barndomen framfor alt søkte sanninga, sanninga i naturvitskapen, i matematikk, fysikk og geometri, men og filosofi og etterkvart framfor alt i kristendomen! Pave Frans har tidligare gjeve uttrykk for at han ser opp til denne store tenkaran og skal i eit intervju ha sagt at han “ fortener saligkåring”.

Som ung var det matematikk og geometri som opptok Pascal , alt som tenåring skreiv han lærde avhandlingar og som 19 åring kontruerte han den første regnemaskinen, som han gjennom livet stadig utbetra. Det var særleg to felt han gjorde seg gjeldande, projektiv geometri og sannsynlighetsteori. Det siste har påverka både moderne økonomi og samfunnsvitenskap. Han markerte seg også innan fysikk der han undersøkte samanhengen mellom væske, trykk og vakuum. Kanskje er det difor dei fleste kjenner til navnet Pascal, det er måleininga for trykk som vi oftast møter når vi sjekker dekktrykket på bilen!

Etter ei religiøs omvending knytte Pascal seg til den jansenistiske rørsla som hadde sitt senter i klosteret Port- Royal der Pascals søster var nonne. Jansenismen var på mange måtar ein ekstrem retning som braut med katolsk teologi på fleire punkt, og som etterkvart vart erklært som kjetterske. Jansenistane kom i strid med jesuittane og det var her Pascal kom dei til hjelp gjennom sine Provinsialbrev, der han forsvara jansenistane og argumenterte mot jesuittane. Breva har vorte ståande som eit høgdepunkt i fransk litteratur, ikkje primært på grunn av innhaldet, men på grunn av Pascals briljante formuleringsevne!

Pascals søkte framfor alt sanninga, sanninga gjennom vitskapeleg arbeid, men så skulle sanninga brått visa seg for han i ei gjennomgripande oppleving. Det er mandag 23. november 1654, klokka er halv elleve om kvelden då det brått er som ein eld slår ned i den 31 årige og kroppsleg skrøpelege  Blaise Pascal.Det er ein ekstatisk tilstand som varer omlag to timar, og etterlet seg eit varig og uutsletteleg inntrykk i Pascal. Han skildrar denne opplevinga i eit  “ Le Memorial” som han ber på seg resten av livet, sydd inn i foret i jakka hans! 

“ Abrahams Gud, Isaks Gud, Jakobs Gud. Ikke filosofenes og de lærdes Gud, Visshet! Visshet!  Følelse. Glede.Fred. Jesu-Kristi Gud” Frå den kvelden, om ikkje før, var Pascals geni vigd til Gud. Spørsmål om sanning opptok han stadig, ikkje minst spørsmålet om fornuftens plass. Han arbeidde på ein apologi, dvs. eit verk der fornuften talar openberringas sak og der mennesket prøver å bana veg for truas nåde. Dette stod i sterk motsetning til jansenismens lære om at vi er absolutt forderva gjennom syndefallet. Ei oppfatning vi også finn i ulike protestantiske retningar. Men Pascal finn støtte i sin apologi hos Augustin og Thomas Aquinas. Livet gjekk mot slutten og Pascal hadde ikkje krefter til eit større  systematisk verk, det vart med ei mengde små fragment og korte essay, som vart samla og utgjeve etter hans død, og som vi i dag kjenner som “Tanker”( Pensees). Eit verk som har fått stor betydning for ettertida både filosofisk, teologisk og språkleg.

Som ung las eg utdrag av “ Tanker” og merka meg eit par av dei meste kjente sitata. 

“ Den evige taushet i disse endeløse rom forferder meg .”

“ Mennesket er bare et siv - det svakeste i hele naturen - men det er et siv som tenker.”

“ Hjertet har sine grunner som fornuften ikke kjenner.”

“ Det er hjertet som fornemmer Gud og ikke fornuften.Dette er troen: Gud følbar i hjertet, ikke for forstanden.”


Blaise Pascal ein genial vitskapsmann, ein genial tenkar, ein språkleg virtuos, men framover alt ein djupt religiøst mann som sette Gud openberra i Jesus Kristus framfor alt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar