torsdag 27. april 2023

Sjukdom hos statsleiarar i eit kontrafaktisk perspektiv.

 Innlegg i Dag og Tid 31. mars i år.

Sjukdom hos statsleiarar i eit kontrafaktisk perspektiv.

Med stor interesse las eg Bernt Hagtvets artikkel om Stalins død. Med hjartesjukdomar som fagområde og interesse for historie er eg oppteken av sjukdoms innverknad på realpolitikk. Når eg ser det ikoniske bilete frå Jalta- konferansen, er det sjukdomen desse tre har til felles som slår meg. Dei er alle storrøykarar, dei har høgt blodtrykk og utbreidd arteriosklerose (åreforkalning), og dei døyr alle  av slag . Nokså parallelle sjukehistoriar finn  vi og hos  Lenin og  president  Woodrow Wilson.

Churchill levde ikkje eit sunt liv, og som Stalin hadde han høgt blodtrykk, fleire større og mindre slag også etter at han vart attvalt i 1952. Men han var  likevel over 90 år gammal då han fekk eit siste slag i 1965, og sovna roleg inn i heimen sin .

Mest interessant er kanskje Franklin D. Roosevelts sjukehistorie og død. I 1944 vart han attvalt for ein fjerde periode, men han var ikkje så frisk  som lækjarane hevda. Admiral og lækjar  McIntire uttalte: «His present health is excellent». På Jalta verka han svekka og Churchills lækjar gav han maksimalt eit par månadar igjen å leva. Han fekk rett, to månadar seinare om morgonen 12. april  fekk Roosevelt  brått sterke smerter i bakhovudet, han vart medvitslaus og døydde etter eit par timar. «Som lyn frå klar himmel» skreiv avisene, ikkje noko kunne vera lengre frå sanninga. Roosevelt hadde i 1935 eit normalt blodtrykk, seinare steig det gradvis til ekstreme verdiar, under Jalta- konferansen 260/150. Det var og  teikn på komplikasjonar frå hjarta og nyrene. Alarmklokkene mine ville ringt  stilt overfor ein slik pasient, det gjorde dei ikkje for presidentens lækjarar. Det er fleire grunnar til det, på denne tida hadde ein mangelfull kunnskap om faren ved høgt blodtrykk, og det var heller ikkje effektive medisinar tilgjengelege. Sannsynlegvis var Roosevelt svekka både fysisk og mentalt, og hadde ikkje krefter til å stå opp mot Stalin på Jalta?

Høgt blodtrykk og slag  var hyppig på 1900 talet både hos høg og låg. I dag har vi ei rekkje effektive medisinar, dessutan akutt intervensjon både ved hjarteinfarkt og hjerneslag. Det spennande kontrafaktiske spørsmålet er om historia hadde teke ein anna retning dersom desse statsleiarane hadde hatt tilgang på det dagens slag – og infarktpasientar har ?

I 1995  markerte tidsskriftet The New England Journal of Medicine at det var 50 år sidan Roosevelts død, og trykte ein artikkel der det avslutningsvis står: «In retrospect, one cannot help but wonder what course  history have taken had modern pharmacotherapy been available to control FDR`s blood pressure.» Svar får vi ikkje, men kontrafaktisk historie kan kanskje gje oss litt innsikt i  alt det tilfeldige som styrer dei store linjene i politisk historie !





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar