søndag 29. januar 2023

Kall til Karmel

 Livet kan snu heilt om når ein opplever å få eit kall !Edita Majic (f. 1970) frå Split i Kroatia var ein suksessrik artist og skodespelar, godt kjent i heimlandet gjennom såvel teater, film og fjernsynsseriar. Ho var døypt med hadde ikkje fått fermingssakramentet og var ikkje religiøs aktiv som ungdom. Gradvis vaks det fram ein tvil over livet ho hadde ført og som ytre sett var svært vellukka. Ho byrja å søkja etter meining med livet, og fann fram til såvel dei bibelske tekstane som skriftene til Johannes av Korset og Teresa av Avila. Ho byrja å gå til messe, be rosenkransen og delta i sakramentstilbeding.  Etterkvart såvel skriftemål som fermingas sakrament. Med det stoppa ikkje der, kallet til klosterliv, nærare bestemt til Karmel vaks fram i henne. Dei som kjente henne forstod ikkje så mykje av dette, kanskje med unntak av mora. Det gjekk rykte om at ho var alvorleg deprimert, var i ein destruktiv relasjon eller hadde eit misbruksproblem. Ikkje noko av det var sant, ho var berre gripen av Guds kall. 

Edita Majic gjekk inn i Karmel i Teresas by, Avila. Ho tok navnet Edita Maria av Korset. Mange vener og familie var tilstades då ho tok det avgjerande steget. Seinare har ho gått enno eit skritt lenger og blitt einebuar. Ho fordjupar seg i stadig bøn såvel for dei ho kjenner som for alle ukjente som treng Guds nåde.

"Det er inga forteneste i det faktum at eg vart karmelittnonne. Ikkje noko offer for mi side kan kompensera for Kristis kjærleik til meg."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar