lørdag 6. februar 2021

Kirkens tro

"Kirkens tro " av tidlegare biskop John Willem Gran kom ut på St. Olav forlag i 2011. Det er ein gjennomgang av korleis Kyrkjas tru vart  utforma gjennom dei sju første økumeniske konsila. Eg las nok boka for mange år sidan , men vart brått merksam på henne i bokhylla på nytt og byrja med interesse å lesa. John Villem Gran var cisternciensermunken som vart utnemd til biskop i Oslo katolske bispedømme i 1964, ei oppgåve han tok på seg like til 1983. Før dette hadde han også delteke på Det andre Vatikankonsilet, og nok fått med seg ei grunnleggjande interesse for kyrkjemøtas historie. Etter at han vart pensjonist  hadde han høve til å fordjupa seg i kyrkjehistoria og det resulterte i boka "Kirkens tro"  som er ei spennande popularisering av dette tildels kompliserte og tunge stoffet.

Kyrkjehistorie , og særleg den aller eldste historia, følest nok for mange lite relevant for oss i dag. Det er grunnleggjande feil for det vi trur og vedkjnner i kvar søndagsmesse vart utforma alt på 300 talet i konsila i Nikea og Konstantinopel på 300 talet. Det var ein komplisert prosess der avgrensinga mot arianismen stod sentralt. Arius (256 - 336), som hevda at Logos var skapt og ikkje hadde eksistert frå æva, hadde mange tilhengarar. Utforminga av trusvedkjenninga  der det står " født, ikke skapt av samme vesen som Faderen" var sentral for å forstå læra om Treeinigheiten. Det greske omgrepet  "homoouousios" - dvs. vesen eller substans er henta frå filosofien, og mange av fedrene var skeptisk til å nytta omgrep som ikkje hadde sitt grunnlag i dei kristne skriftene. Det var kanskje likevel naudsynt for å oppnå den nødvendige språklege presisjon. Arius vart til slutt dømt som vranglærar, men  læra hans forsvann ikkje med det og har dukka opp i kyrkjehistoria fleire gonger seinare, sist kanskje i Jehovas Vitne si treeinigheitslære.

Konsilet i Nikea i 325 var sentralt for utforminga av Treeinigheitslæra, konsilet i Kalkedon var sentralt i utforminga av kristologien.  Diskusjonen gjekk på Kristi person (prosopon) og hans menneskelege og guddommelege natur ( physein). Avgrensinga var her mot nestorianarane på den eine sida og monofysittane på den andre sida. Kyrkja valde eit mellomstandpunkt der : " Den ene og sanne Kristus er samtidig, uten begrensning, Gud, og uten begrensning mennneske, ikke halvt det ene og halvt det andre, men helt og fullt begge deler."

Når vi les skildringane frå dei ulike kykjemøta er det slåande kor sterkt dei var prega av ulike synspunkt med strid og usemje som følgje, dessutan personlege motsetningar mellom teologar og geistlege med store ego, og ikkje minst politikk i det keisaren i Konstantinopel ofte var sentral i såvel initativ og innkalling til kyrkjemøta som den praktiske gjennomføringa.  Dette hadde neppe gått bra dersom ikkje  Jesu ord i  Johannes evangeliet  14.26  hadde vorte ein realitet:

" Men Talsmannen, Den heilage Ande, som Far skal senda i mitt navn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk."




 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar