mandag 15. februar 2021

Kvinner i vitskap

 Innlegg i vekeavisa Dag og Tid 12.februar:


Tre favorittar: kvinner i vitskap

                                                                                                                                             Florence Nightingale (1820- 1910))

 Florence Nightingale – «The Lady with the Lamp» - er mest kjent som grunnleggjaren av moderne sjukepleie og sjukepleiarutdanning. Mindre kjent er nok hennar innsats som forskar og ikkje minst statistikar. Under Krimkrigen organiserte ho pleie av dei såra soldatane, men dette gjekk hand i hand med observasjon, analyse og dokumentasjon av helsemessige og hygieniske data. Ho var ein pioner i grafisk framstilling av statistikk  og utvikla fleire metodar(coxcomb). I 1859 vart ho som første kvinne medlem av Royal Statistical Society.

 

1.      Barbara Mc Clintock ( 1902-1992)

Barbara Mc Clintock kom som mange framståande forskarar frå USA, og var gjennom eit langt forskarliv knytt til ulike universitet og forskingsinstitusjonar. Ho var biolog og genetiker og hennar forskingsfelt var maisplantens arvestoff. Ho gjorde grunnleggjande oppdagingar av basale genetiske prinsipp, og sjølv om forskinga hennar lenge vart møtt med skepsis, fekk ho ein velfortent Nobelpris i fysiologi og  medisin i 1983. Ho er den einaste kvinne som har motteke  denne prisen udelt.

 

2.      Liv Hatle ( 1936 -)

Det er få norske kvinner som har sett spor etter seg i dei internasjonale forskingsmiljøa. No pensjonert professor og spesialist i hjartesjukdomar Liv Hatle er ein av dei få. Ho var interessert i ny metodikk og gjennom tett samarbeid med teknologimiljøet i Trondheim utvikla ho frå 1970 talet doppler og ultralydteknikk i kartlegginga av hjartesjukdomar. Miljøet i Trondheim vart under hennar leiing eit av dei fremste i verda på ultralydmetodikk, og legar frå heile verda kom for å bli oppdatert. Siste del av sitt yrkesliv arbeidde ho internasjonalt og var på mange måtar kardiologiens «Grand old Lady».

 

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar