søndag 31. januar 2021

Jerome Lejeune og menneskeverdet

 Eg hadde ikkje høyrt om Jerome Lejeune før, eller iallfall ikkje merka meg noko ved han. Så fann eg  nyleg på Catholic News Agency at han pave Frans 21. januar i år hadde erklært han som "ærverdig" som eit ledd i saligkåringsprosessen.

Jerome Lejeune vart fødd i ein forstad til Paris i 1926. Etter medisinstudiet starta  han  på ein forskarkarriere ved Centre national de la recherche scientifique, året var 1952. Han viste seg snart som ein dyktig forskar, og i 1958  gjorde han den banebrytande oppdaginga at personar med Downs syndrom har eit ekstra kromosom på kromosompar 21. Det var første gong ein påviste samanheng mellom sjukdom og kromosomfeil. Lejeune heldt fram si forskning på kromosomfeil  mellom  i samband med kreftsjukdom. I 1964 vart han utnemnd til den første professoren i medisinsk genetikk i Paris. 

Han fekk ei rad prisar og utmerkingar for sitt arbeid, men ingen nobelpris. Sjølv meinte han at dette kanskje var avdi han heile livet var ein uredd forsvarar av menneskeverdet og fosterets rett til liv. Han heldt i 1969 ein tale  der han tok til orde mot abort, det var dårleg motteke av mange. Der rauk nobelprisen skal han ha  skreve til kona etter dette. 

Han fekk kontakt med Karol Wojtyla alt før han vart pave Johannes Paul II, dei hadde eit felles engasjement for vern om menneskelivet frå unnfanging til død. Han vart valgt inn i det pavelege vitskapsakademiet i 1974. I 1994 blei han av pave Johannes Paul valgt til leiar av det nyoppretta pavelege livsakademiet, men dessverre døydde han av kreft få månadar seinare. I 2007 vart ein formell saligkåringsprosess sett i gang.

Etter hans død er Jerome Lejeune stiftinga oppretta i 1996. Det er ein ideell organisasjon som arbeider både med forskning på årsaker og behandling av genetiske utviklingsdefektar, tilbyr medisinsk hjelp til  pasientar med Downs syndrom og andre slike sjukdomar, dessutan er eit talerøyr for menneskeverd og vern om livet frå vogge til grav.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar