søndag 5. april 2020

Påske

Palmesøndag og vi går inn i påskeveka. Ei veke utanom det vanlege, ei veke med stengte kyrkjer og i bokstaveleg forstand blir det stille. Vi føl messer og liturgi på internett , men det blir på ingen måte det same som å vera tilstades.
Dei siste vekene har for heile verda vore ei sjokkarta oppleving. Dei fleste hadde ikkje venta dette, ingen land eller styresmakter var førebudd, sjølv om dei som har innsikt i korleis virus oppfører seg for lengst har kome med åtvaringar. Dei åtvara: det vil bare vera eit tidsspørmål når den neste pandemien kjem ! Jmfr David Quammens bok frå 2012 "Spillover".
Men vi kan ikkje gje oss over i fortviling og mørke. Erkebiskop i New York, som i dag kanskje er den hardast ramma byen av coronasmitte, kardinal Timothy Dolan reflekterar i eit innslag på facebook over overgangen mellom mars og april. Det er overgangen mellom vinter og vår, vi går frå mørke til lyset , frå døden til livet. Så poengterar han at det også er kjernen i påskebodskapet. Lat oss ikkje mista motet, døden fekk ikkje det siste ordet likevel !



Den amerikanske forfattaren Raymond Carver døydde i 1988 av lungekreft. På slutten av livet skriev han diktsamlinga " A new Path to the Waterfall." På den siste sida finn vi det vesle diktet
"Late Fragment" som  kan gje von  og trøyst.

And did you get what
you wanted from this life, even so ?
I did.
And what did you want ?
To call myself beloved, to feel myself
beloved on the earth.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar