mandag 27. april 2020

Emmaus

" Og medan han sat til bords med dei, tok han  brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei." 

Desse orda frå Lukas evangeliet   24 kapittel er eit av dei  mest sentrale i påsketida som vi no er inne i. Dei to læresveinane er på veg til landsbyen Emmaus, dei er mismodige til sinns og dei talar seg imellom om det som har skjedd i Jerusalem dei siste dagane.  Jesus , profeten som skulle setja Israel fri er krossfest og død. Alt verkar vonlaust ! Det er ikkje langt frå Jerusalem til Emmaus, 60 stadiar står det hos Lukas, det er omlag 11 kilometer. Byen Emmaus eksisterar ikkje i dag, det er fire ulike plassar som er blitt identifisert med denne landsbyen. Det er i og for seg ikkje avgjerande, for det viktige er kva bodskap  Lukas vil ha fram i denne skildringa.

Lukas har fire viktige poeng. For det første, og det er kanskje det viktigaste, han fokuserar på oppstoda som verkeleg og sann. Mannen som slår følgje med dei to langs vegen til Emmaus er ikkje ei ånd, eit spøkelse, det er eit menneske med ein konkret lekam. "Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har." som Jesus seier til læresveinane attgjeve litt seinare i same kapittel.

For det andre og kanskje vel så viktig peikar Lukas på kva Jesu død betyr. Jesu død var ikkje ei tilfeldig tragisk hending, det var ei overordna meining med det heile. "Måtte ikkje Messias lida dette, og så gå inn til sin herlegdom" seier han til dei to som enno ikkje forstår. Denne lidinga og døden er eit vendepunkt som vert til frelse og velsigning for alle folkeslag til alle tider.

For det tredje peikar Lukas på korleis skriftene i det gamle Testamentet peikar fram mot dette.
" Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane."
Jesus ville at disiplane skulle sjå at hans død og oppstode var i samsvar med skriftene, og dermed  klimakset i heile bibelhistoria.

Det fjerde poenget til Lukas får vi når dei to disiplane sit til bords med Jesus og han velsignar og bryt brødet. I same augenblinken kjennar dei han att. Denne hendinga understrekar påskemåltid på Skjærtorsdag og peikar fram mot det vi feirar i kvar einaste messe like fram til i dag.
Wilfrid Stinissen skriv om dette:" Jesus igenkännes under måltiden. När både Lukas og Johannes fästar vår uppmärksamhet på denna detalj är det för att vi skal förstå att det är vid den eukaristiska måltiden som vi i första hand igenkänner Jesus. Där möter vi honom i hela hans gudomliga och mänskliga verklighet, Där ser vi också vem han är. Han er den som offrar sig och delar ut sig själv som bröd. Han är kärleken."

Slik er det Lukas på ein genial måte oppsummerar alle dei viktigaste trussanningane i ei kort historie.
Skildringa av Emmaus vandrarane gjev oss kjernen i kristendomen !




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar