onsdag 8. august 2018

Poesi og venskap

30.mai 1960 døyr den russiske forfattaren Boris Pasternak( 1890 -1960). Han døyr om våren midt i fruktbløminga,ikkje om hausten når naturen  går til kvile slik han hadde tenkt seg. Ved sida av sjukesenga heng jakken hans, i innerlomma på venstre side, nærast hjerte, er det ein konvolutt med påskrifta "Det kjæraste", inni den to brevark som nesten er smuldra opp, det eine frå Rainer Maria Rilke, det andre frå Marina Tsvetajeva. Tre av 1900 talets store poetar som knapt møttest men som via brev utvikla eit djupt og inderleg venskap. Breva er samla og gjeve ut. Alle tre fekk meir eller mindre ulukkelege lagnadar, dels pga. dei store historiske hendingane, dels pga. dei val dei sjølve gjorde.

Rainer Maria Rilke (1875 -1926)  var den eldste av dei tre, den i ettertida mest kjente, og den dei to andre såg opp til som den store poeten i Europa. Marina møtte han aldri, Boris  møtte han som tiåring då han saman med foreldrene var på veg  til sommarferie i Odessa. Om bord på  toget steig ein mann, Boris far kjenner han med ein gong igjen, det er Rainer Maria Rilke saman med Lou  Andreas Salome på veg for å vitja Tolstoj  på Jasnaja Poljana. Dei stig av toget, og den unge Boris får eit kort bilete han ber med seg seinare, Rainer Maria gjennom bjørkeskogen på veg til Russlands store diktar.
Opphaldet hos Tolstoj blir så mislukka som det kan, men for Rainer Maria er ikkje Russlands reisa utan utbytte, han reiser heim sterkt inspirert av russisk kultur og religiøsitet. Resten av livet er Rilke ein europeisk nomade, kvilelaust fartande frå plass til plass på leiting etter indre ro og kunstnerisk inspirasjon. Han får aldri ein eigen heim og lever på gåver frå rike vener. Han er fødd utan vern mot livet og tilværets kompliserte og trugande sider, følsom  og bare istand til å skriva på inspirasjon.  På slutten av livet finn han seg tilrette på Chateau de Muzot i Rhonedalen som vener let han leiga, her fullfører han sine store verk "Duino elegiar" og "Sonetter til Orfeus", og her døyr han av leukemi i 1926 meir forsona med døden enn med livet. Rainer Maria Rilke var ein ivrig brevskrivar og brevvekslinga   med  Marina og Boris er  ein lite kjent del av denne omfattande korrespodansen med kjente og ukjente rundt om i Europa. Breva er kjenslelada, men prega av  gjensidig respekt og beundring for kvarandres kunst.

I ein elegi til Marina skriv Rilke:

"Bølger, Marina, vi hav ! Dyp, Marina, vi himmel.
Jord, Marina, vi jord, vi tusenganger vår, lerker
som de bryter ut i sang, som fra det usynlige."

Marina Tsvetajeva (1892-1941) er vel den minst kjente av dei tre. Ho vart ikkje akseptert i si samtid, men blir i dag rekna som ein av dei store i 1900 talets russisk poesi. Ho vaks opp i ein velståande og kunstnerisk familie i Moskva, faren var professor i kunsthistorie. Lik Boris Pasternak var det musikken som vart hennar første kunstneriske uttrykksform, men ho byrja tidleg i ungdomen å skriva dikt. Revolusjonen, borgarkrigen og sovjetstyret var nådelaust mot henne og familien. Ho forlet til slutt heimlandet og levde lenge i eksil i Praha og Paris. Mannen og dottera fekk etter kvart sympati for den raude ideologien, og reiste tilbake til det sovjetstyrte Russland. Marina følgde etter og opplevde at mannen var henretta og dottera sendt til Sibir mistenkt for spionasje. Ho sat igjen svikta av alle, kanskje med unntak av Boris Pasternak, og vel døden for eiga hand i slutten av august 1941. Ingen kjem i gravferda hennar.

Boris Pasternak ( 1890 - 1960) assosierar vel dei fleste med romanen  " Dr. Zhivago" som og vart filmatisert og ein stor suksess både som roman og film.. Kommuniststyret såg ikkje med blide auge på denne skildringa av 1900 talets Russland. Boka kom ut i 1957 i Italia og vart på kort tid oversatt til over tjue språk. I heimlandet var han utstøtt, ein ikkje-person, men han vart ikkje arrestert i motsetning til til elskerinna Olga. Han blir tildelt nobelprisen, men etter press frå regimet fraseier han seg denne. Det var likevel ikkje ein karriere som romanforfattar han i utgongspunktet hadde tenkt seg, han gjekk frå musikken til filosofien og vidare til lyrikken. I Russland  er det som lyrikar han blir hugsa, og det er gjennom lyrikken han møter Marina Tsvetajeva og Rainer Maria Rilke. Det er mange store lyrikarar i mellomkrigstidas Russland, men ein etter ein vert dei tause. Kanskje er det som forfattaren Osip Mandelstam skriv: " Det er bare i Russland poesien blir virkelig respektert. Å skrive poesi fører til døden. Hvor ellers er poesi et vanlig motiv for mord ?"

Dei levde ikke lukkelege liv desse tre store, men dei eigde skaperevnas trolldomskunst og er ikkje gløymde!

"Farvel, motgangens år.
La oss ta avskjed, du som utfordret
fornedrelsens avgrunn!
Jeg er din slagmark,

Farvel, vide vingeslag,
fluktens frie tross,
og verdens billed, i ordet åpenbaret,
og skaperevnens trolldomskunst."

(Frå Boris Pasternak dikt "August")





Chateau  de Muzot der Rainer Maria Rilke budde på slutten av livet og der han fullførte nokon av sine viktigaste verk.( Duino elgiane og Sonnettene til Oreus)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar