lørdag 16. desember 2017

Gaudete søndag

"Gled dykk alltid i Herren ! Endå ein gong vil eg seia:Gled dykk ! Lat alle menneske få kjenna kor godhjerta de er. Herren er nær." ( Fl. 4, 4-5)

3. søndag i Advent blir kalla Gaudete søndag etter inngongsverset for dagen i Paulus brev til filipparane. Den liturgiske fargen er rosa ikkje fiolett som resten av Advent. Det er eit uttrykk for at advents fiolette farge er blanda med julehøgtidas kvite, eit teikn på von og glede. Gaudete søndag viser til julehøgtidas feiring av inkarnasjonen, men viser og framover i forventning om at Kristus ein dag skal koma igjen.
Dagens andre lesning frå Jesaja understrekar det same:

" Herren Guds ande er over meg, for Herren har salva meg. Han har sendt meg for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause, for å forbinda dei som har eit knust hjarte, ropa ut fridom for dei som er i fangenskap, og frigjering for dei som er  bundne, for å ropa ut eit nådens år frå Herren." (Jes.61)



Frå i morgon 17.des til 23.des. syng vi under tidebønene dei såkalla O-antifonene  som har fått det navnet avdi dei alle blir innleia med vokatativen O (Å)

17. desember : O Sapientia  (Visdom)
18. desember: O Adonai  (Herren)
19. desember: O Radix Jesse (Jesse rot - Isais stubbe)
20. desember: O Clavis David  ( Davids nøkkel)
21. desember: O Oriens (morgengry)
22. desember :O Rex Gentium ( folkefyrtse)
23. desember: O Emmanuel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar