torsdag 28. desember 2017

Dei uskuldige barn i Betlehem

På flukt til Egypt 
13 Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» 14 Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. 15 Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
           Frå Egypt kalla eg son min.
 
Barnemordet i Betlehem 
16 Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. 17 Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
          
   
 18  I Rama høyrest skrik,
           gråt og høglydt klage:
           Rakel græt over borna sine
           og vil ikkje la seg trøysta.
           For dei er ikkje meir.
 


I dag 28. desember  feirar vi minnedagen for dei uskuldige barna som vart drept av kong Herodes slik det er skildra av evangelisten Matteus. Kong Herodes var ein brutal herskar  som regjerte mellom år 37 og år 4 før Kristus. Han var  som mange diktatorar fanatisk oppteken av å fjerna alle trugsmål mot sin eigen posisjon, og stod ikkje tilbake for å myrda eigne slektningar. Sånn sett er ikkje historien om drapa på alle gutebarn i Betlehem usannsynleg sjølv om vi ikkje finn dette i  andre kjelder enn evangelia. Etter legenden skal det ha vore snakk om mange tusen barn. Det er anslått at Betlehem på denne  tida hadde omlag tusen innbyggjarar, og antall gutebarn under to år var då neppe meir enn eit par titalls, og kanskje ikkje verdt å nemna mellom alle Herodes andre misgjerningar ?

Sjølv om Stefan vert rekna som kyrkjas første martyr har dei usuldige gutebarna blitt æra som martyrar frå dei første hundreåra. Dei var "Flores martyrum"(martyrenes blomar) i det dei døydde ikkje bare for Kristus men i staden for Kristus. Dei vert og rekna  som ein av Marias sju smerter. Minnedagen er blitt feira iallfall frå 400 talet på litt ulike dagar etter ulike tradisjonar( armenarane  feirar dagen  mandag etter andre søndag etter pinse). Det har lenge vore tradisjon for barn i Betlehem å samlast i Fødselskyrkja og synga hymner til desse "Flores martyrum" som vitna om frelsaren sjølv om dei enno ikkje hadde møtt han.

Drapet på dei ukuldige barna har vore eit populært motiv i kunsten, Den hollandske kunstnaren Pieter Bruegel d.e (1525-1569) set fortellinga inn i si eiga samtid der spanjolane gjekk brutalt fram mot sivile i Flandern.
Sånn sett blir dette ei aktualisering også for vår tid, overgrep mot barn er diverre ikkje noko som  berre høyrer fortida til.


                   Pieter Bruegel d.e : Massakren på dei uskuldige

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar