søndag 6. august 2017

Herrens forklaring

I dag 6. august feirar vi Herrens forklaring (Transfigurasjon) . Ein viktig minnedag som spesielt dei ortodokse kyrkjene legg vekt på men som vi og markerar i Den katolske kyrkja.

Her skildringa frå Matt 17:

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.  2 Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset. 3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han.  4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»  5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!»  6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.  7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»  8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.
   
  9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.» 10 Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» 11 Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk. 12 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei ville ikkje vita av han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.» 13 Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes. 


Antifon til Magnifikat: Da disiplene hørte røsten, kastet de seg redselslagne ned med ansiktet mot jorden. Men Jesus gikk hen til dem og rørte ved dem, idet han sa: Reis dere, og frykt ikke. Halleluja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar