søndag 20. august 2017

Oscar Romero100års minne

15.august feira vi Marias himmelfart, men denne dagen var det også hundre år sidan erkebiskop og martyr Oscar Romero vart fødd i byen Ciudad Barrios aust i El Salvador. Han vart prestevigd i 1942 og fekk etter kvart sentrale oppgåver i kyrkja som sekretær for bispekonferansen og rektor ved presteseminaret. I 1970 vart han utnemd til hjelpebiskop og fire år seinare var han vigd til biskop. i 1977 vart han utnemd til erkebiskop  og var dermed den øverste leiaren for kyrkja i El Salvador. Han vart rekna som teologisk konservativ, men hadde ei sterk rettferdssans og ekte omsorg for El Salvadors fattige. Etter kvart kom han med nærast profetisk fordømming av sosial urettferd i landet, og han vart svært upopulær hos den herskande klassen i landet. Oscar Romero dreiv ikkje politikk, hans engasjement sprang ut av hans sterke katolske tru. Han var uvanleg klar i sin analyse av urettferda i landet, og har vorte samanlikna med profeten Amos og kyrkjefedrene Basilius den store og  Gregor av Nyssa.

Oscar Romero fekk bare tre år som erkebiskop,  24. mars 1980 vart han brutalt myrda framom alteret i eit sjukehuskapell. Dermed går han inn i kyrkjehistoria som ein av to erkebiskopar som har vorte myrda medan dei feira messa, den første var Thomas Beckett som blei drept i 1170 framom alteret i katedralen i Canterbury. Drapet på Romero har aldri blitt oppklart, men mykje tyder på at det var leiaren for dødsskvadronene Roberto D`Aubuisson som stod bak,  men han gjorde det på oppdrag av rike og mektige interesser i landet.

Oscar Romero måtte bøta med livet som følge av sitt sterke engasjement mot urettferd, eit engasjement som sprang ut av hans sterke tru og hans fortolkning av evangeliet. Det har vore ein del diskusjon om han vart drept som følge av hat mot trua noko som er ein forutsetning for å   bli rekna som martyr. For folk flest i latinamerika vart han etter kort tid oppfatta som helgen, St Romero av Amerika som den brasilianske poeten og biskopen  Dom Pedro Casaldaliga uttrykkjer det. Enkelte har hevda at både pave Johannes Paul og pave Benedikt var skeptiske til ein heilagkåringsprosess for Oscar Romero, dette stemmer ikkje, begge hadde stor respekt for Romero. I 2015 erklærte Vatikanet at han var martyr på dagen 38 etter at han vart utnemd til erkebiskop, 23. mai same åt  vart han så saligkåra. Kyrkja i El Salvador vonar at pave Frans skal helgenkåra Oscar Romero når han kjem til Mellom-Amerika om to år.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar