lørdag 30. juli 2016

Verdens største trosfest

Dagens hovudoppslag i Vårt Land over heile framsida og med seks sider reportasje inne i avisa er  Verdsungdomsdagane i Krakow i Polen. Dette var svært prisverdig då  dette  kjempestore arrangementet  ellers  får lite fokus i norske media. World Youth Day samlar 300-400.000 katolske ungdomar frå heile verda til ei veke med religiøse og kulturelle aktivitetar. Pave Frans deltek naturlegvis og ein reknar med at 1,5 millionar katolikkar vil delta på den avsluttande messa i morgon.
World Youth Day vart første gong arrangert i 1986 etter initativ frå pave Johannes Paul II, og har seinare vorte arrangerte kvar 2-3. år.
Mange ungommar kjem igjen gong etter gong, dette er stort for mange, særleg opplevinga av å vera ein del av eit verdensvidt trusfellesskap. "Troen blir sterkere når man skjønner at man er en del av et stort fellesskap " uttaler Pål Bratbak som er med som prest for dei norske ungdommane, til Vårt Land.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar