fredag 29. juli 2016

Fader Jacques Hamel

Den franske presten Jacques Hamel vart drept av islamistiske terroristar medan han feira messa i kyrkja St. Etienne-du- Rouvray som ligg i ein forstad til Rouen. Det er ikkje første gong geistlege har vorte martyrar framom alteret, dei mest kjende er Thomas Becket i Canterbury og Oscar Romero i San Salvador.  Drapet sendte sjokkbølger  utover Frankrike som det siste året har vorte ramma av ei rekkje brutale islamistisk inspirerte terroraksjonar. Jacques Hamel var fødd i 1930 og prestevia i 1958, han kom til den noverande soknet i 2000, Sjølv om han vart pensjonist  i 2005 verka han framleis som vikar prest, Fader Hamel var ein svært godt likt prest, og han var og ein mann  som arbeidde for dialog med muslimar og forsvarte deira religiøse rettar, sånn sett var det ekstra tragisk at  akkurat han skulle rammast av islamistisk terror.

Kyrkjeleiarar og muslimske leiarar har dei siste åra lagt mykje arbeid i religionsdialog både på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå. Ho oss har dette mellom anna blitt kanalisert gjennom Samarbeidsrådet for tro og livssyn med lokalavdelingar i form av Forum for tro og livssyn. Prestedrapet vil ikkje gjera dette arbeidet lettare, og det er nok og noko av hensikten frå islamistanes side, får dei framprovosert ein religionskonflikt har dei oppnådd det dei vil. Dialog er difor viktigare enn nokon gong, alternativet er ei aukande polarisering med meir vald, og i siste instans masedrap og etnisk rensing.
Men det er og eit anna aspekt ved dette som mellom anna skribenten Usman Rana peikar på i ein kronikk i Aftenposten: " Lenge har muslimer sagt: ekstremisme har ikke noe med islam å gjøre. Men det holder ikke i møte med mennesker som blant annet henter sin inspirasjon fra religiøse tekster. Man må argumentere på et dypere plan, og erkjenne at terrorister rettferdiggjør noe av det de gjør med teologi". Muslimske leiarar må ta dette på alvor og erkjenna at religionen har eit problematisk forhold både til  vald, demokrati og menneskerettar, Det er ein forutsetning for vidare dialog og  samarbeid i eit multireligiøst og multikulturelt Europa.


                               Må englene føre deg til Paradiset
                               må martyrene komme deg i møte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar