torsdag 19. februar 2015

Poetica: Snart nittitre.

                   Snart nittitre

Snart nittitre somrar og like mange vintrar,
men årstidene er ikkje lenger samanhengande,
slik minna heller ikkje er det
eit etter eit blir dei borte
nokon  blir verande lengre enn andre
ikkje klårt,  meir som eit avtrykk  
lik merka på veggen etter bileta
som vi hengte opp for lenge sidan
og no vert plukka ned og  pakka i plast og kartong
dei siste dagane før huset skal fråflyttast .
Desse minna som berre er dine 
teke vare på i uforståelege nevronnettverk
inntil no når strukturane bryt saman
synapsane tømmest  og tavla  blir stroken rein
bileta pakka og klar for å hentast
men ingen kjem og ingen dreg
slik mørknar dagen  det blir  kveld
natta kjem med stjernepryd og æveleg ro
så føl du kjende stiar heile vegen heim.



Rosendal ein vinterdag for eit par år sidan. Malmangernuten (889meter), fjellet like bak der eg vaks opp.
Teksten ovanfor er om ein aldrande far som tankane og minna gradvis forsvinn for. Stien opp på fjelltoppen var kjend for han men likevel er det ein heilt annan sti vi skal alle skal følgja det siste stykket  heim ?
Kanskje finst det andre  nettverk enn nevronnettverka og synapsane eg skriv om ? Dei vil uansett gradvis bryta  saman  og bli borte for oss alle, men ein stad finst det likevel andre nettverk meir uforståelege, meir varige ? Nettverk som held når vi fell inn i solnedgongen for aller siste gong !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar