søndag 1. februar 2015

" Det store bruddet " - reformasjonen i Norge.

"Det store bruddet" er tittelen på teologens Karl Gervins bok frå 1999 om reformasjonen i Norge.
Det er om ikkje lenge fem hundre år sidan dette store religions- og kulturskifte i Norge, og for dei fleste er det vel bare fjern og uinteressant historie. Karl Gervin har skreve ei rikt illustrert og lettlest bok om denne spennande og dramatisk epoken i norsk historie. Reformasjonen handla hovudsakleg om politikk og maktkamp, i mindre grad om religion. Eit av resultata var at den siste rest av norsk sjølvstende forsvann, norske bispar inkludert erkebispen i Nidaros vart erstatta av danske superintendentar  som skulle styra den nyetablerte lutherske kyrkja men som og var ein del av danskekongens maktapparat.
Korleis opplevde vanlege folk det dramatiske skiljet ? Sannsynlegvis einsidig negativ, det er mange vitnemål om sterk folkeleg motstand, inkludert drap på prestar.
Det er to område den nye trua slo tydelegast ut for folk flest, det som skjedde med kyrkjeromet  og det nye ritualet for "Hvorledes man skal Jorde Lig".
Kyrkjeroma vart rensa for heilage bilete, statuar og alter vigde til helgenar. Det var det talte ordet som skulle vektleggast, og resultatet var at kyrkjeromet stod nokså nake tilbake. Luther rekna bare nådemiddela som heilage og dermed var ikkje kyrkjeromet heilagt slik det hadde vore. Det heilage var no ikkje knyta til det konsekrerte  nattverdsbrødet som vart oppbevara på alteret, slik at folk kunne koma til kyrkja ein  vanleg kvardag for å tenna ljos og be framom alteret. Gervin uttrykkjer det slik:" Reformasjonen var opptatt av "Guds ord", og i forlengelsen av dette gikk kirkerommene frå å være skueplass for et liturgisk drama til nesten å bli foredragssaler. Det skjedde en forskyvning frå tilbedelse og offervilje til belæring og undervisning."

Det andre viktige punktet er gravferdsritualet. I flg. luthersk lære skulle ein ikkje lenger be for og feira messer for dei døde. Frå å vera ein avskjed der omsorgen for den døde vart uttrykt gjennom forbøn og overlevering i Guds omsorg, er poenget no i større eller mindre grad retta mot dei gjenlevande som ein vekkjingstale.  Det må bønder rundt om i Norge ha opplevd svært negativt og bøner for  døde slektningar må nok ha blitt praktisert i lang tid etter at det vart forbode.
Pilegrimsreiser til heilage stader vart det helle ikkje så fort slutt på, til dømes vart det først slutt på den årlege jonsok-valfarten til stavkyrkja i Røldal først i 1835. Folk hadde ei sterk tru på at krusifikset som hang i kyrkja hadde undergjerande eigenskapar.
Dei gamle katolske messedagane held seg og lenge, dei vart inngravert på primstaven som var den kalenderen ein nytta heilt opp til moderne tid. Bestemora mi som var fødd i 1894 refererte til Kyndelsmess, Vårfruemesse(Voffremyss) og Mikkelsmesse  (mikkjelmyss). Men ho høyrde nok til den siste generasjonen på landsbygda i Noreg som gjorde det.

Den katolske Kyrkja opplevde nok i tida før reformasjonen ei generell nedgongstid. Reformasjonen vart møtt med motreformasjonen med utgongspunkt i Tridentinarkonsilet som byrja i 1545. Mykje kan seiast om dette, men eg vil kort nevna konsilets erklæring om rettferdiggjeringa som hadde vore noko av Luthers hovudankepunkt mot Kyrkja. Konsilet la seg faktisk nær opptil det lutherske standpunktet og uttalte at dersom nokon seier at ein kan bli rettferdigjort for Gud gjennom gjerningar som er gjort ved naturleg kraft og utan guddommeleg nåde, då skal ha vera "anathema"(forbanna). Det skulle likevel gå over 450 år før katolikkar og lutheranarar kom til semje om dette spørsmålet og kunne underteikna ei felles erklæring i 1999.
                                                                                                                                                                                                Århundra Århundra etter reformasjonen var  prega av uforsonleg og til dels blodig strid mellom protestantar og katolikkar i Europa. I 1624 vart det til dømes innført dødsstraff for katolske prestar og munkar i kongedømet Danmark-Norge. Men verda gjekk framover, åtte år etter den sist valfarten til Røldal i 1835 fekk vi lova som tillet andre kyrkjesamfunn å etablera seg i Norge, dermed kunne den katolske messa igjen feirast lovleg i landet.




Steinviksholmen  i Trondheimsfjorden der erkebiskop Olav Engelbrektsson let oppføra ei festning i åra før reformasjonen.
Då Olav flykta frå landet stod skrinet med St.Olavs levningar att i festninga, først i 1564  fekk han ei umerka grav i Nidarosdomen.

1 kommentar: