søndag 24. november 2013

Poetica:Haustbøn

Det er byrjinga av desember for sju år sidan. Det regnar og kulden kryp like inn i beinmargen. Sjølv om  det er midt på dagen kjem skumringa alt sigande. Vi føl ein ung slektning til grava, han er far til
små born og det føles difor ekstra tungt. Eit par månadar tidlegare var eg i gravferda til ein ven (sjå  tidlegare blogginnlegg:"Når ein ven døyr" ) Han døydde ein søndag midt på dagen etter lang tids sjukdom.
Eit par dager etter får eg greie på at i same stunda som han døyr, har eg tent eit lite lys for han 
framom Maria alteret. Eit lite teikn som eg ber  med meg heile denne hausten , og det er der og denne mørke desemberdagen. Etterpå  kan eg gå heim og skriva "Haustbøn", i vissa om at mørkret ikkje skal sigra til slutt.





"Mørkret er så nær, så nær oss

det er som det budde inst inne i oss

som om det kom derifrå

strøymande ut av djup

vi aldri skulle kunna kjenna




Mørkret fylt av regn

blanda uløyseleg i dette gjennomvåte

døden som eit anna ord

uforståeleg, lik ei fjern mumling

så - ei hand som stryk

varleg over den dogga ruta

eit ømt teikn

åleine – aldri åleine




Å Maria ! Du mor i regn og mørkre.

Du mor i død og natt.

Høyr nådig bønene vår.

Bønhøyr oss."




Guds Mor Hodegetria. Ikon av Solrun Nes. Maria som alltid vil visa oss vidare til Sonen !

1 kommentar:

  1. Ein kan verkeleg trenge ei Haustbøn,i storm og stille.Finfin.

    Marieklem

    SvarSlett