torsdag 5. desember 2013

Br.Wilfrid Stinissen in memoriam

Ved inngongen til advent sovna br. Wilfrid stille inn etter kort tids sjukdom nær 87 år gammal. Han var fødd i Belgia i 1927 , alt som tenåring  gjekk han inn i Karmelittordenen og vart etter kvart prestevigd. I 1967 kom han til Sverige saman med fleire medbrødre og grunnla karmelittklosteret i Norraby i Skåne. Her skulle han bli verande aktiv like til han døydde 30. november. Karmelittordenen er ein kontemplativ orden, det er tidebønene og ikkje minst den indre meditative bøna som er hovdedfokuset for alle karmelittar. Det var det naturlegvis også for br. Wilfrid, men han hadde og eit anna og parallelt fokus nemleg å vegleia folk på " Den indre bønas veg" gjennom sin forfattarverksemd. Frå tidleg på syttitalet og fram til han døydde har det kome ein jamn straum av bøker og artiklar frå hans hand. Han nådde langt utanfor så vel sin eigen orden som Den katolske kyrkja, og vart på mange måtar ein økumenisk brubyggjar. Så vel lutheranarar som pinsevener fann næring i det han skreiv. For mange kristne vart han ein døropnar til Kristus- sentrert meditasjon, og ein vegvisar inn i  Kyrkjas mystiske tradisjon. Han hjelpte mange til ei fornying og fordjuping av bønelivet. Eg minnest at eg vart merksam på han alt på slutten av syttitalet då eg las den første  boka hans " Den indre bønnens vei. En innføring i kristen bønn og meditasjon." Gjennom den boka fekk ein ei første innføring i Teresa av Avila og Johannes av Korset sine tankar.
Br.Wilfrid redigerte  heilt til det siste det vesle tidsskriftet "Karmel" som kom fire gonger i året. I siste nummeret har han ein innsiktsfull artikkel om Treeininga som den kjelda det vakre evig spring ut av. Det kjem ikkje fleire artiklar frå br. Wilfrid, vi må bare takka og  gleda oss over alt det han har gjeve til så mange i heile Norden. Hans forbøner tek heller ikkje slutt med døden !
Om ni dagar feirar vi minnedagen for Johannes av Korset, br. Wilfrid og alle karmelittars store læremeister og inspirator. Novene er bøner som blir bedt ni dagar før ein minnedag eller festdag.
Dagens novene til Johannes av Korset har ein tekst av br. Wilfrids bok " Natten er mitt lys" som eg tek med til slutt.
"Gjennom stillheten forbereder jeg meg til møtet med Gud, og når Gud møter meg skaper han stillhet i meg. Johannes tanker om taushet og stillhet blir sammenfattet i en berømt formulering:" Ett ord har Faderen talt og det var hans Sønn. Det uttaler han stadig i evig stillhet, og det er i stillhet det må bli hørt av sjelen."
"Stillheten i Herrens hånd er det enkleste av alt, og likevel det vanskeligste for  et menneske. Det som gjør stillheten så vanskelig, er alt det i verden og i det selv som med vold vil dra det ut fra det himmelske."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar