mandag 30. september 2013

The Syro Malabar Catholic Church

Aylesford i Kent 21.september: Southwark Syro Malabar Pilgrimage. Brått får vi eit lite innblikk i noko nytt og ukjent, for oss nytt men med ein eldgammal tradisjon bak seg.  Dei syro malabariske katolikkane feirar  sin helgen St.Alphonsa (1910-46), forma er eksotisk og framand men innhaldet er gjenkjenneleg, vi opplever ei levande og ekte tru og eit sterkt fellesskap. Prosesjon med helgenstatuar, vimplar, fargerike parasollar og trommer, alle borna har ballongar med påskrift: "Pray for us St. Alphonsa". Liturgien på malyalam er framand men likevel katolsk. Instrument og song er er frå heimstaden Kerala på det indiske kontinentet. Eg blir ståande fascinert og fjetra, det er noko her som gjer eit uvanleg sterkt inntrykk på meg. Er det opplevinga av tru som har overlevd hundreåra og er like levande ? At dei fleste av syro malabarane er unge familiar med born understrekar det optimistiske og levande ved feiringa.
"The Syro Malabar Catholic Church" er ein av dei 22 austlege kyrkjene som er unert med Den katolske kyrkja, dei er formelt underlagt paven i Roma men har sin eigen tradisjon og sin eigen liturgi som blir kalla "Heilag Qurban". I liturgien  nyttar dei det gamle syriske språket  Suryani, Kerala - språket  Malyalam eller engelsk. Dei syro malabariske kristne hevdar at det var apostelen Thomas som kom med evangeliet til dei i år 52, av den grunn vert dei også  ofte kalla "Thomas-kristne" Meir sannsynleg er det at kristendomen kom til Kerala frå Persia på 200-300 talet. Dei var  nær knytta til Den assyriske kyrkja og fekk lenge sine biskopar derifra. På 1500 talet kom portugisarane til India og oppdaga til si overrasking at her hadde vore misjonærar før dei. Dei vart vel teke i mot men etterkvart gjekk ikkje samarbeidet så knirkefritt. På 1600 talet vart dei fleste kristne i Kerala formelt underlagt paven, dei resterande vart splitta opp i fleire mindre kyrkjesamfunn som heldt på sin opprinnelege syriske teologi, tradisjon og liturgi. Dei vert ofte kalla jakobittar. I dag utgjer " The Syro Malabar Catholic Church" om lag halvparten av dei "Thomas-kristne", totalt om lag 4 millionar truande, dei fleste i India men og mange i USA og Storbritannia.

St.Alphonsa som dei feirar i dag er den første syro malabariske helgen som formelt er kanonisert. Pave Benedikt gjorde henne til helgen i 2008. Marth Alphonsa var ei from fransikanernonne som levde på første halvdel av 1900 talet. Fleire mirakel skal ha skjedd på  hennar forbøn og støtta opp om den endelege kanoniseringsprosessen.
No spring dei festekledde små, syro malabariske borna rundt denne vakre haustdagen, dei viftar med sin fargerike ballongar, nokon mistar grepet og ballongen forsvinn mot skyene. "Pray for us St. Alphonsa", be for oss og  alle syro malabariske familiar.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar