onsdag 4. september 2013

"Melkepiken"

Rijksmuseum i Amsterdam er nyleg opna etter fleire års restaurering. Som dei fleste store kunstmuseum er det fullt med estetiske opplevingar, ein må bare ta seg litt god tid. Ønskjer ein å fordjupa seg i flamsk 1600 talls kunst er nok dette staden å gå. Rembrandt naturlegvis, dessutan Hals, Steen, Avercamp og mange mindre kjente. Høgdepunktet blir likevel Johannes Vermeer, i Rikjsmuseum finn vi "Het melkmeisje"(Melkepiken) eit av hans kanskje mest kjente meisterverk.
Johannes Vermeer ( 1632 - 1675) vart fødd og levde heile livet i Delft. Der døydde han og i stor fattigdom, ellers er relativt lite  kjent om livet hans. Vermeer arbeidde seint og detaljert, og etterlet seg ein  liten produksjon. Lenge var han gløymt, men mot slutten av 1800 talet  kom kunsten hans på ny fram i ljoset. Mange forbind  nok Vermeer med romanen "Pike med perløredobb" av Tracy Chevalier, som vart filmatisert av Peter Welber i 2003 med Scarlet Johansson og Colin Firth i hovudrollene. Roman og film var inspirert av Vermeers portrett frå ca 1665 med same navn og førte utan tvil til fornya interesse for kunsten hans.
Kva er det med desse bileta som gjer så sterkt inntrykk ? Det er naturlegvis det teknisk perfeksjonerte, hans utrulege grep om ljos og perspektiv og den nesten fotografiske presisjonen og detaljrikdomen. Mange av bileta framstiller personar i heilt daglegdagse situasjonar som å hella opp mjelk, lesa eit brev, spela eit musikkinstrument. Samstundes er dei fylte med symbolikk, gjerne med moralske eller erotiske undertonar. Ofte nyttar han ein "bilete i bilete" teknikk der ein finn kart eller bilete inne i bileta. Kanskje er det denne kombinasjonen av kvardagsscenar med underliggande symbolikk utført med teknisk perfeksjonisme som gjer så sterkt inntrykk. Brått blir vi løfta ut av tida og står ansikt til ansikt med desse 1600 talls menneska som kanskje likevel ikkje var så ulike oss. Eller kanskje dei var det ?

"Melkepiken" framstiller ei tenestejente som heller opp mjelk frå ei mugge. Ulike tolkningar har blitt tillagt bilete, men kanskje er dette bare ei genial skildring av ei heilt kvardagsleg scene ? Uansett eit høgdepunkt i Rijksmuseum.  

                                            "Pike med perløredobb" som inspirerte roman og film med same navn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar