torsdag 12. september 2013

Forbøn for koptarane

Den koptiske kyrkja i Egypt har i det siste blitt fokusert i media i samband med den politisk turbulente situasjonen i landet. I kjølvatnet av militærkuppet mot president Morsi i sommar skulda islamistane dei kristne for å støtta kuppet, det førte til ei rekkje blodige samanstøyt. Koptiske kyrkjer og eigedomar vart angrepne og brent av fanatiske muslimar.  " Dei egyptisk kristnes krystallnatt" var omgrep som enkelte nytta om desse hendingane. Dei koptisk kristne har lenge vorte handsama som annanrangs borgarar i Egypt, men det er lenge sidan dei har vorte utsett for så åpenlys forfølgjing som dei siste åra og særleg den siste månaden.
Dei koptiske kristne utgjer kanskje 10% av Egypts over 80 millionar innbyggjarar og er det største kristne kyrkjesamfunnet i Midt-Austen. Dei kan føra si historie tilbake til dei første hundreåra, i følgje legendene var det Markus som førte kristendomen til Egypt like etter Kristi Himmelfart. Dei braut teologisk med Den ortodokse kyrkja etter konsilet i Kalkedon i 451, men har i det siste nærma seg så vel Den romersk katolske som dei ortodokse kyrkjesamfunna.
Koptarane har sin eigen pave, då den populære Shenouda III av Aleksandria døydde i mars i fjor vart
Tawadros valt til pave (sjå mitt tidlegare blogg innlegg om dette). Han har av Det muslimske brorsskapet vorte skulda for å støtta dei militære kuppmakarane, og dei ytterliggåande kreftene vil sånn sett gjera han til syndebukk.
Det kan sjå mørkt ut for dei kristne i Egypt slik det lenge har gjort i Irak og Syria. Likevel er det glimt av von, som når muslimske nabolag fleira stadar slo ring om kyrkjebygg som var truga av islamistar. I Kairo er det også god kontakt mellom leiaren  i Al Anzhar moskeen og koptiske biskopar med sikte ein felles front mot religiøse forfølgjingar. Offisielt har også leiarane i Det muslimske broskapet teke avstand frå angrep på kyrkjebygg og forfølgjing av kristne.
Norge har lenge støtta tiltak som tek sikte på å verna minoritetar i Midt-Austen, eit av verkemiddela
er bygging av nettverk for dialog på tvers av religiøse skillelinjer. Den koptiske biskopen Thomas har i ei årrekkje hatt nær kontakt med kyrkjelege miljø i Norge og arbeidd for forsoning.





"Vi ber om  vern og støtte for dei forfølgde koptarane i Egypt, og fred og forsoning i  landet"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar