søndag 22. april 2012

Himlen har sove bort mørkret

Himlen har sove bort mørkret
Stjerner har lagt seg til ro
Lys ifrå havlandet seglar inn
Fuglane vaknar no.

Slik byrjar tittelsporet på Sigrid Moldestad sin nye CD som kom no i vår. Det meste av både tekst og musikk står ho sjølv for, men her er og tekstar av Robert Burns  og  Tove Ditlevsen. Sigrid Moldestad frå Breim  har utvikla seg til å bli ein av dei fremste  nyskapande folkemusikarane i Noreg. Ho byrja som tradisjonelle folkemusikarar med formidling av slåttetradisjonen, men har etterkvart nytta meir og meir av eigenprodusert stoff. Samstundes har ho gått frå vera felespelar til å kombinera fela og det vokale. Nyskapande, men og djupt grunnfest i vestlandsk folkemusikktradisjon.
Denne siste utgjevinga held same høge kvalitet som den forige "Sandkorn" for to år sidan. Her er musikk og tekstar til ettertanke. Opplevingar frå barndomen i Breim, tilbakeblikk over både sorg og glede, og refleksjonar over englar i "Englesong". " .. dei kjem forkledd som oss og e her til vi dør / dei ser deg gjennom dør og rute." Vel verdt å lytta til!


http://www.youtube.com/watch?v=NY2Wgufz254




Himlen har sove bort mørkret
Stjerner har lagt seg til ro
Lys i frå havlandet siglar inn
Dagane bjønde no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar