torsdag 8. september 2011

The Tree of Life

"Where were you when I laid the earth`s foundation...... while the morning stars sang together and all the sons of God shouted for joy?"
Terrence Malicks mektige filmepos "The Tree of Life" byrjar med dette sitatet frå Jobs bok. Filmen har blitt oppskrytt og fekk gullpalmen ved Cannes festivalen i år.
Like etter å ha sett filmen er eg litt i tvil om kva eg skal meina, er dette prega av fraser på grensa til det svulstige og sentimentale eller er det eit av filmhistoriens geniale mesterverk ? Etter at filmen har sege inn over eit par dagar hallar eg til den siste vurdering. Filmen er dvelande og poetisk i formspråket og skiftar frå storslått , kosmiske naturscenar til det nære og daglegdagse. Tildels  er forma eksperimenterande og nesten surrealistisk. " The Tree of Life" handlar om dei aller største spørsmåla i tilværet, kvar kjem vi frå, kva er meininga med livet, kva er svaret stilt overfor meiningslaus død, korleis blir vi forma av barndomen og våre foreldre, korleis finn vi vegen vidare i tilværet? Hovudpersonen Jack føl vi dels i vaksenlivet som arkitekt i eit urbant storbymiljø, dels i oppveksten i ein middelklassefamilie i ein småby i Texas. Faren , genialt spelt av Brad Pitt, er streng og autoritær, mora  spelt av Jessica Chastain er mild og tildels sjølvutslettande. Filmen viser alt dette frå barnets synsstad og måten det er fått fram på er genial. Innimellom dette blir vi ført ut i dei store kosmiske visjonane, ein lang sekvens dvelar ved skapinga av universet, evolusjonen og livet som oppstår. Dette blir følgd av at hovudpersonen kviskrar  eksistensielle spørsmål som det store sentrale spørsmålet : "Where were you?"
Som vaksen verkar Jack deprimert og framandgjort. Han tenker daglig på broren han var knytt til og som døydde brått som 19 åring. Er han eit bilete på det moderne, einsame og forvirra mennesket utan mål eller meining ? Kva gjorde han i såfall slik? Barndomen med  autoritære faren og sjøvutslettande mora ? Foreldrene som  føl oss og  er i oss lenge etter at dei er døde ?
Slutten er forsonande, kanskje optimistisk. Finst det likevel svar, er det så enkelt at "You were there."
"The Tree of Life" er storslått og tankevekkande, ulikt alt anna som er produsert og kanskje akkurat defor verd å få med seg.
http://www.twowaysthroughlife.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar