fredag 16. september 2011

Til minne om ein engel

Komponisten Alban Berg døyr julafta 1935 av blodforgiftning vel 50 år gammal. Han arbeider på operaen Lulu som han aldri klarer å fullføra , kanskje avdi han tok ein pause i arbeidet med denne for å fullføra ein fiolinkonsert. Fiolinkonserten gjev han undertittelen :" Til minne om ein engel." Seinare har dette vorte Alban Bergs mest populære og oftast spelte verk."Engelen" han tileignar musikkstykket er ein konkret person nemleg Manon Gropius, datter av arkitekten Walter Gropius og Alma Mahler, enka etter komponisten Gustav Mahler. Manon døydde av polio berre 18 år gammal, det gjorde eit sterkt inntrykk på Alban Berg  som let minne om denne unga jenta leva vidare i musikken.
Etter å ha høyrt Alban Bergs fiolinkonsert framført skreiv eg for eit par år sidan denne vesle teksten:
                           

                            Til minne om ein engel
             (Alban Bergs konsert for violin og orkester 1935)

Andletet i spegelen
dogga og uklårt
likevel til stades i tida
som blikket ditt
når du ser på dei døde
ingen overgang
men dette nye
du ikkje kan snu deg frå
og stryka ut
lik gårsdagens samtalar
byrjinga enkel
framhaldet disharmonisk
i mellomromet
små spor av lyset
som gjesta oss
es ist genug.

Manon Gropius, Walter Gropius og Alma Mahler 1918.

                                                          Alban Berg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar