lørdag 11. oktober 2025

St.Patricks Cathedral

 St.Patricks Cathedral ligg sentral på Manhatten og er på mange måtar sentrum i amerikansk katolisisme. Eg var der til messe for ein del år tilbake, det var erkebiskop seinare også kardinal Timothy Dolan som forretta messa. Eg hugsar det som ei svært fin oppleving. Katedralen var ferdig i 1879 og var vigd til Irlands nasjonalhelgen St. Patrick etter initativ frå irske immigrantar med erkebiskop John Joseph Hughes i spissen. Nyleg har katedralen vore i fokus i samband med avdukinga av spektakulære veggmåleri utført av kunstnaren Adam Cvijanovics etter initativ frå erkebiskopen. Kunstverket har tittelen:”What`s so funny about Peace,Live and Understanding”, tematikken er såvel historisk som dagsaktuell og utan tvil med ein viss politisk undertone. Ei viktig inspirasjonskjelde er openberringa i Knoch i Irland 21.august 1879, same år som katedralen stod ferdig. 15 personar i byen skal då ha fått eit syn av Jomfru Maria, Josef og evangelisten Johannes saman med Guds Lam omgjeven av englar.Seinare har dette vorte eit populært pilegrimsmål.

Veggmåleria knyter fortid og notid i det vi får sjå dei første truande immigrantane som kom til New York for to hundre år sidan og scener frå notidas storby. Mange historiske personar dukkar opp i kunstverket, vi har alt nevnt erkebiskop Hughes som starta bygginga av katedralen, amerikanske helgenar som Frances Xavier Cabrini og den første “ native american” som er kanonisert Kateri Tekakwitha dessutan ei kvinne frå moderne tid, Dorothy Day, grunnleggar ac Catholic Worker Movement og ein mogleg framtidig helgen. I forgrunnen også vår tids immigrantar, og over det heile dei vernande englane.




søndag 5. oktober 2025

Vår Frue av Rosenkransen

 Oktober er Rosenkrans- månaden, minnedagen er 7. oktober. Vi feirar og Vår Frue av Fatima. Etter messe er det prosesjon med Maria- statue i spissen og Rosenkransbøn i fellesskap. Ein fin og trusstyrkande kveld!

Herlighetens mysterier

rediger
  • Jesu oppstandelse fra de døde (Joh. 20,1-10)
  • Jesu himmelferd (Apg. 1,6-11)
  • Den hellige ånds komme (Apg. 2,1-12)
  • Marias opptagelse i himmelen (Åp.12,1)
  • Marias kroning i himmelen (Åp. 2,10b)





Ave Maria på bokmål

Hill deg, Maria, full av nåde,
Herren er med deg,
velsignet er du iblant kvinnene,
og velsignet er ditt livs frukt, Jesus.
Hellige Maria, Guds mor,
be for oss syndere,
nå og i vår dødstime.
Amen.


På nynorsk:

Ver helsa, Maria, du som har fått nåde,
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner,
og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar,
no og i vår dødstime.
Amen.


På latin:

Ave Maria, gratia plena
Dominus tecum, benedicta tu
In mulieribus et benedictus
Fructus ventris tui Iesus.
Sancta Maria, Mater Dei,
Ora pro nobis peccatoribus,
Nunc et in hora mortis nostrae.
Amen

lørdag 4. oktober 2025

Nye helgenar frå Venezuela

 19.oktober vil pave Leo utpeika sju nye helgenar, to av desse frå Venezuela. Dette landet med store interne problem får dermed sine første helgenar. Den eine er  Maria Carmen Rendiles (1903-1977), grunnleggar av ein nonneorden "Jesu tjenere i Caracas".Den andre er kanskje meir kjent iallfall i heimlandet, legen Jose Gregorio Hernandez ( 1864-1919). Han vart saligkåra i 2021, og går no snart frå salig til heilag.

Jose Gregorio Hernandez vart fødd i ein avsidesliggjande landsby i Andesfjella. Han tenkte på jusstudiet, men foreldrene oppmuntra han til å studera medisin, og han vart utekssaminert i frå universitetet i Caracas i 1888. Hernandez viste seg som ein uvanleg dyktig student og fekk stipend for vidare studiar i Europa. Han oppheldt seg i Paris der han studerte bakteriologi, patologi og fysiologi. Han tok med seg dei nyaste framskritt tilbake til Venezuela. Ein periode var han tilbake i heimbyen som lege, men resten av livet verka han i Caracas. Han dreiv praksis der han særleg hadde eit auge for dei fattige og forkomne, samstundes arbeidde han akademisk, og han underviste medisinstudentar. Hernandez var ein mann med mange talent, han snakka fleire språk, han var musikalsk, sydde sine eigne dressar og  skal ha vore ein dyktig danser, men framfor alt var han ein svært from mann. Det var som i mange høve mora som hadde formidla trua til han. " Helt fra voggen av lærte min mor meg dyd, hun lot meg vokse opp i kjennskap til Gud og gav meg kjærligheten som veiviser." Det førte til at han i sitt profesjonelle liv som lege heile tida såg Kristus i dei sjuke, fattige og lidande. Han fekk tilnavn som " de fattiges lege", "kjærleikens apostel" og "vonas misjonær".

Jose Gregorio Hernandez følte  også på eit kall som munk eller prest. Han reiste to gonger til Italia, den ein gongen for å bli karteuser munk, den andre gongen for å byrja på presteseminar. I begge tilfelle måtte han gje  seg av helsemessige årsaker. Tilbake i heimlandet held han fram sitt arbeid som lege , ikkje minst gjorde han ein stor innsats under spanskesyka som ramma landet. Han døydde på tragisk vis i ei trafikkulukke  29. juni 1919. Ei stor folkemengde følgde han til grava. Han vart ein svært populær i heimlandet også etter sin død. ikkje bare blant katolikkar, men også i dei synkretistiske religiøse retningane. Dette kan nok ha verka inn på saligkåringsprosessen som vart innleia i 1949, og førte fram til saligkåringa i 2021 i Caracas under leiing av erkebiskopen. Etter eit nytt stadfesta mirakel er han no klar for heilagkåring 19. oktober. 

Heilage Jose Gregorio Hernandez be for alle sjuke og lidande ! 



fredag 3. oktober 2025

Elegi over massakrer

 Poeten Arnold Eidslott har i diktsamlinga “ Det forlatte øyeblikk” frå 1978 ein lang diktsyklus med tittelen “Elegi over Oradour-sur- Glane” . Det er kanskje ikkje så mange utanfor Frankrike som kjenner til denne vesle landsbyen i Sør-Vest Frankrike som Eidslott set fokus på . 10.juni 1944, kort tid etter D- dagen gjekk tyske SS- soldatar inn i landsbyen og massakrerte 642 sivile på dei mest grusomme måtar. Det var hevn for drap på tyske offiserar i dette området.Ekstra tragisk var det at landsbyen sannsynlegvis vart forveksla med den nærliggjande Oradour-sur-Vayres som også er eit poeng i Eidslotts dikt. President de Gaulle avgjorde etter krigen at Oradour-sur-Glane ikkje skulle byggast opp, men ruinane skulle stå som eit evig minnesmerke over denne brutale massakren på uskuldige sivile.

Eidslott innleiar sterkt og bibelsk:

“Bær røkelse

frem for våre døde

i Jesu vår gjenløsers navn.

—————-

Oradour-sur-Glane

Med asken av dine døde

vitner du for Herrens trone”

Vidare:

“Døden overalt

Som vinden og regnet”

Så tekstar som kraniet, verdensbrannen , kor av de døde, men det er ikkje bare mørkt, i Gloria lyder eit av versa: 

Oradour-sur-Glane

der er åpnet en vei

gjennom det ytterste mørke

Selv de som ammet døden

skal trøstes”

Det avsluttar med Gråten frå nabolandsbyen Oradour-sur-Vayres:

I demringen tok det til å gråte

Det gråt like ved og langt borte


Folk rev vinduene opp og tendte lys

i de redde husene sine


Og gråten silte ned fra kirketårnet

og rullet inn fra åpne havet


Man skjøt med skarpt etter gråten

og gikk manngard med store lykter


Men gråten lot seg ikke stanse

Det var i demringen før hanen gol


Oradour-sur-Glane flammet i skyene

og de døde sto opp til sin egen messe


Snart gråt både himmel og jord

og varm aske fløt i det  høye rommet


Da sto Frelseren forklaret frem

og kastet tausheten ut som et garn


Og det ble stille på jorden

og i himlen og på havet langt borte


Det var i demringen og hanen gol

Tre ganger fra jordens fire hjørner”


Det handlar om juni 1944 i ein liten by i Frankrike, men det er like mykje dagsaktuelt. Vi kan byta ut Oradour-sur-Glane med Ukraina, Kongo, Sudan, Nigeria eller Gaza! Død,flammer, oske og gråt er den same, men vi vonar og trur at det ein gong vart opna ein veg utover  lidinga og døden! 




tirsdag 30. september 2025

Mikkelsmesse

 

De hellige erkeenglene Mikael, Gabriel og Rafael

29. september feirer vi minnedagen for de tre hellige erkeenglene. Dagen var tidligere en minnedagen for erkeengelen Mikael, i norsk tradisjon kjent som Mikkelsmesse, Mikeli eller buferdsdagen. Mikael betyr «Hvem er som Gud?»  Dagen var avmerket på primstaven og levde i bevisstheten til folk inntil for to generasjoner siden (mine besteforeldre fødde på 1890- tallet) dvs.400 år etter at Norge formelt ble luthersk! Ved liturgireformen i 1969 ble dagen omgjort til en felles merkedag for de tre englene. Alle er omtalt i Bibelen, men etter tradisjonen er Mikael den viktigste. Han er leder for englene, og fører an i kampen mot djevelen og de falne englene. Han redder de troendes sjeler og kjemper for Guds folk. Han leder sjelene frem til Paradis, i folkevisen Draumkvedet står det om Mikael: «Og det var  Sankte Sålemikkjel. Han vog i skålevikt.Så vog han alle syndesåline  heim til Jesum Krist.» I Kirkens tidlige historie er det beskrevet mange visjoner av Mikael, og det eksisterer tallrike kapell og grotter med hans navn i Europa.

Erkeengelen Gabriel som betyr «Guds kraft» er nevnt en rekke ganger i evangeliene. Han er budbringer til så vel Sakarias, Maria og Josef. Gabriels hilsen til Maria «Vær hilset du som har fått nåde! Herren er med deg!» innleder hele frelseshistorien. I Det gamle testamentet hjelper han profeten Daniel til å forstå sine visjoner om Kristi komme.

Rafael som betyr «Gud har helbredet» er kanskje den minst kjente erkeengelen. Han er blitt identifisert som engelen beskrevet i Johannes evangeliet som stiger ned og rører opp vannet i Betesda dammen. Han er også nevnt i Tobits bok der han tar seg av Tobias på hans reiser. Derav kommer det nok at han er blitt skytshelgen for pilegrimer og reisende.

La oss denne dagen glede oss over erkeenglene som er Guds sendebud og våre hjelpere på veien til det evige livet!

 


fredag 26. september 2025

The silent island

 Gårsdagenes forestilling i Kilden, Kristiansand vart ei sterk oppleving såvel visuelt som lyttande. Det var eit samarbeide mellom Kilden og Kunstsiloen der musikken var samkjørt med det visuelle i form av spennande animasjonar. Kvelden byrja med Kjetil Bjørnstads tonesetting av John Donnes kjent og ofte siterte tekst “ No man is an island, entire of himself. Every man is a part of the continent, a piece of the main.”  Avslutninga var Henry Purcells “ When I Am Laid in Earth.” Frå Dido og Aeneas Mellom dette musikk av Fartein Valen - La isla de las Calmas ( The silent island), Johannes Brahms, Arvo Pärt, David Lang, Philipp Glass, Anatoly Lyadov og Henryk Gorecki.  Kanskje opplevde ein litt av det som den tyske sosiologen Hartmut Rosa kallar “resonans” - ein slags  vibrerande kontakt mellom ein sjølv og verda.”Det finnes øyeblikk da verden synger - et anruf- til oss.”  Kva er det som karakteriserar denne opplevinga av resonans? Rosa nevner fire aspekt: noko som rører oss utanfrå og som vi i neste omgong gjev respons på. Resonans vil så føra til ein transformasjon, ei forandring. Men vi har ikkje kontroll over denne resonanserfaringa, vi rår ikkje over den. Resonans blir slik sett ei motvekt mot den “ akselerasjonen” som karakteriserar det moderne samfunnet. Kva erfaringar er det som leiar inn  til denne resonansen? I går var det utan tvil  kunst og musikk, ein annan dag poesi, naturopplevingar, mellommenneskelege møte og erfaringar, og ikkje minst religion som Rosa skriv om i “ Det lydhøre hjertet.” Det synes likevel som musikken er i ei særstilling som oppleving av resonans.

Den estiske komponisten Arvo Pärt seier om dette:”Man kan skriva om sine upplevelser, musikkens struktur, dess form och kanske något mer. Det är betydeligt svårare att överföra själva musikken til  ord. Jag tror att den sanning som finst i konst och musik orsakar en djup och hemmelighetsfull resonans hos en människa. Det sker när man själv har ett behov av att finna sanningen och har en gåva att känna igen denna sanning.”





mandag 15. september 2025

Martyrer

 Eg  har fleire gonger tidlegare skreve om dei 16 karmelittnonnene frå Compiegne som vart avretta 17. juli 1794 under Den franske revolusjonen. Dei vart saligkåra i 1906 og kanonisert av pave Frans 18. desember i fjor. I går vart dei feira i ei høgtidelege takkseiingsmesse i Notre-Dame de Paris leia av erkebiskop Laurent Ulrich. Han framheva deira vitnesbyrd gjennom martyriet som relevant også for vår tid. Mange frå karmelitt familien var tilstades for å hylla sine  medsøstre. Seinare på dagen var det ein prosesjon gjennom Paris gater frå Conciergerie der dei sat fengsla og så kjørt til Place de la Nation der dei vart henretta og deretter kasta i massegraver på Picpus kyrkjegarden. Mange karmelittar deltok i denne korsvegen mellom anna saman med speidergrupper.Seint på ettermiddagen samlast dei på gravplassen der dei og fekk æra ein relikvie, ei lita statue av Jomfru Maria som priorinna bar med seg og som  nonnene fekk kyssa før dei steig opp på skafottet! Pave Leo sendt ei helsing der han hylla desse heroiske karmelittnonnene. " Framfor skafottet er desse karmelittane frå Compiegne ikkje lenger offer for ein arrestasjon, men opphav til ei storslagen gåve."

Dagen etter var den naturlege oppfølginga  ei økumenisk markering av vår tids mange martyrar som tok stad i Roma, leia av pave Leo. Representantar forr 24 kristen kyrkjesamfunn deltok i denne sermonien. Lista over vår tids martyrar er lang ikkje minst har mange i Afrika og Midt-Austen falle som offer for jihadistar. Dessverre er det nok slik som pave Frans uttrykte for eit par år sidan - det er fleire martyrar i vår tid enn i dei første hundreåra!

La oss be for alle desse som vitnar om trua ved sitt eige liv !


                        Minneplate med navnet på dei seksten karmelitt- martyrene.

lørdag 13. september 2025

Arvo Pärt 90 år

 11.september fylte den estiske komponisten Arvo Pärt 90 år. Han har ei fleire tiår vore ein av dei meste spelte samtidskomponistar. Musikken hans er ikkje så vanskeleg tilgjengeleg som mykje av dagens klassiske og han har nok nådd eit større allment publikum enn dei fleste samtidskomponistar. Komposisjonane hans er prega av stor enkelhet, bygd på enkle element, ein toneart - treklangen. Treklangens tre toner er som klokker, difor har musikken hans vorte kalla tinntinnabuli- latinsk for små klokker. Saman med sin kollegaer John Tavener og Henryk Gorecki har han vorte karakterisert som “ heilag minimalist.”

Arvo Pärt vart fødd i 1935 litt sør for hovudstaden Tallin, der han fekk sin musikalske utdanning. Hans første komposisjonar var eksperimenterande og prega av tolvtonemusikk, det var nokså fjernt frå den musikalske forma han kom fram til på 1970 talet og som han har halde fast ved seinare. Musikken hans passa ikkje den sovjetiske kulturpolitikken og han flytta etter kvart til Vest- Europa og har hatt Berlin som fast bustad. Pärt konverterte i 1972 frå protestantismen til Den ortodokse kyrkja, den ortodokse trua har lagt grunnen for både hans andelege og musikalske utvikling. Samstundes har han henta inspirasjon frå vestleg musikalsk tradisjon, dei store klassikarane, renessansen og Mellomalderen, men framfor alt den gregorianske songen! Han har tonesatt katolske tekstar som Salve Regina, Magnificat, Te Deum og Stabat Mater, men det er likevel utan tvil den ortodokse tradisjonen som er hans viktigaste inspirasjonskjelde, hesychamsen, mystikken, Jesusbøna som han har karakterisert som den fullkomne polyfoni. Musikken spring ut av stilla, før ein taler eller framfører musikk må ein teia.”Med tystnad mener jag det intet från vilken Gud skapade världen.Därför er från en idemässig synspunkt stillheten helig.” skriv han ein stad.

Den ortodokse tradisjonen  har i langt større grad enn vestleg oppfatning lagt vekt på språkets avgrensa evne til å uttrykkja dei djupaste sanningane. Mystikken loddar djupare enn logikken og dogmatikken. Vi ser det i ikonkunsten og ikkje minst i Arbo Pärts musikk. Det finst ein annan røyndom uavhengig av kva vi meiner, tenkjer eller foretar oss til ei kvar tid.

“Någonstands  finns alltid musikken.En dag kommer någon, lyssnar og skriv ned. “ seier Pärt i ein av sine aforismer.Heldigvis er han der og lytter og skriv ned for oss mange som ikkje alltid kan lytta og heller ikkje skriva ned!



søndag 7. september 2025

Dei heilage Carlo Acutis og Pier Giorgio Frassati

 I dag søndag 7.september fekk Kyrkja to ny helgenar, Carlo Acutis (1991 - 2006) og Pier Giorgio Frassati ( 1901-25). Det var pave Leo sine første heilagkåringar etter at han vart pave i mai i år. Desse heilagkåringane var begge planlagt tidlegare i år, men utsett som følge av pave Frans dødsfall. Eg har tidlegare hatt fleire innlegg om desse unge menn/tenåringar som utmerka seg i si korte levetid, og som i etterkant har blitt eksempel til etterfølging for mange, ikkje minst ungdomar. Mange er det som har funne trua eller funne tilbake til trua takka Carlo Acutis og Pier Frassati!

Det er mange som har sett fram til denne heilagkåringa, det har og vore uvanleg stort fokus i ulike media både i forkant og dagen i dag. Då seremonien byrja i formiddag var omlag 80.000 truande samla på Petersplassen! Eg trur det er lengre sidan det har vore tilsvarande stor interesse for nye helgenar. Det er nesten hundre år imellom desse to, men dei har likevel mykje til felles som og pave Leo har peika på i si preike.Dei vaks ikkje opp i spesielt fromme familiar, men viste alt som barn ei sterk gudstru,noko som og påverka resten av familien. Paven peikar på fem element som prega deira trusliv, dagleg messe og kommunion, bøn framfor alt meditasjon framfor tabernakelet, hyppig skriftemål, sterk hengivenhet til Jomfru Maria og helgenar, og ikkje minst konkret omsorg for andre spesielt fattige og sjuke. Begge henta styrke i Eukaristien. Carlo Acutis karakteriserte Eukaristien som ein motorveg til himmelen. Pier Frassati talte om “Verso l`alto”  - mot høgdene/ mot himmelen. Han tenkte nok på fjellklatring som bilete på vegen til det guddommelege- til himmelen der Eukaristien er det viktigaste hjelpemiddelet Gud har gjeve oss!

Heilage Carlo Acutis be for oss!

Heilage Pier Georgio Frassati be for oss!



80.000 truande var samla på Petersplassen for å delta i dagens seremoni!

søndag 31. august 2025

Bryllaup

 23.august, seinsommar  og Birgit Helene og Gunnars bryllaup i St. Svithun katolske kyrkje i Stavanger med etterfølgjande fest på Bøndenes hus i Sandnes. Vakker seinsommardag med sol og god temperatur. Inngong med brudemarsj frå Seljord, brudas far føl henne inn saman med dei tre brudepikene Hedda,Mathilde og Linnea! Etter katolsk lære gjev dei to kvarandre det ekteskapelege sakramentet. Presten, pater Pål Bratbak, stadfestar og velsignar. Etter vigselssermonien messefeiring, før utgang med Wagners brudemarsj frå Lohengrin. To salmar, “ Deg være ære” og “Kjærlighet er lysets kilde”.

Paulus tek utgangspunkt i Kristi kjærleik til kyrkja når han skriv om ekteskapet i  brevet til Efesarane.Ekteskapet er eit synleg teikn på Guds nåde i verda, og sånn sett eit sakrament.

Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja. Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.(Ef 5.28-33)

I det pavelege rundskrivet Humanae Vitae frå 1968 står det: “ Den ekteskapelige kjærlighet åpenbarer sin sanne natur og høyhet når den betraktes i sitt utspring, nemlig i Gud, som er kjærlighet, Faderen, som alt som heter far har sitt navn i himmelen og på jorden.”

Deg være ære Herre over dødens maktEvig skal døden være Kristus underlagtLyset fyller haven se en engel komÅpnet den stengte gravenJesu grav er tom
Deg være æreHerre over dødens maktEvig skal døden væreKristus underlagt
Frykt ikke mere Evig er han medTroens øye ser det Han gir liv og fredKristi navn er ære seier er hans veiEvig skal han regjere aldri frykter jeg
Deg være æreHerre over dødens maktEvig skal døden væreKristus underlagt
Se Herren lever Salige morgenstundMørkets makter bever Trygg er troens grunnJubelropet runger Frelseren er herPris han alle tunger Kristus Herre er
Deg være æreHerre over dødens maktEvig skal døden væreKristus underlagt



søndag 17. august 2025

Sommar og bryllaup

 Vi feirar bryllaup for dotter vår denne vakre seinsommaren. eg skriv tale og let meg inspirera av romatiske tekstar slik som Fridas bok av svenske Birger  Sjöberg (1885 - 1929). Den mest kjente teksten er vel denne som også er tonesatt og framfört mellom anna av Sven-Bertil Taube.

"Den forste gång jag såg dig, det var en sommerdag

på förmiddan, då solen lyste klar,

och ängens alla blommor av många hundra slag

de stodo bugande i par vid par.

Och vinden drog så saktelig, och nere invid stranden

där smög en bölja kärleksfull till snäckan uti sanden.

Den första gång jag såg dig, det var en sommardag,

den första gån jag tog dig ut i handen."


I Setesdal har det vore vanleg å laga stev, korte vers med rim som vart framført med melodi.Tema var oftast kjærleik og lengt. Ofte ulukkeleg kjærleik om den ein aldri fekk, men ikkje alltid som i verset under. Er ein to er ein aldri åleine sjølv om ein ikkje alltid er fysisk på sams stad.

"Alli eismo kor eg fere

Itt eg han allstøtt i tanko bere.

Alli eismo kor eg æ

fysst han æ i hjarta så æ han mæ."

(eismo : einsam/åleine, alli : aldri, itt: no 


"Kjærleiken er det som bind saman, men kan ikkje skiljast frå trua og håpet. Størst blant dei er kjærleiken skriv Paulus, men håpet er det som ser framover. Den franske diktaren Charles Peguy samanliknar  med tre søstre, to store – trua og kjærleiken  og ei lita søster – håpet. Kanskje ser vi knapt det vesle håpet i midten mellom dei to store, men «Det er hun den lille, som trekker alt. For troen ser bare det som er, men hun ser det som skal bli. Kjærligheten elsker bare det som er, men hun elsker det som skal bli.» Tru – Håp -Kjærleik blir slik grunnpilarar i livet."




onsdag 30. juli 2025

Sommar

 “Shall I compare thee to a summer`s day?” er innleiinga til Shakespears sonett nr 18 som er gjeve att under i orginaltekst og i norsk gjendikting av Erik Bystad. “Du har mer ynde og mer harmoni.” Det er ein av dei mestemkjente av Shakespears tekstar og også min favoritt.  I den svenske poeten Birgers Sjöbergs Fridas bok heiter det innleiingsvis: “ Den första gång jag såg dig, det var en sommardag på förmiddan, då solen lyste klar, och ängens alla blommor av många hundra slag, de stodo bugande i par vid par.” Det er ei vakker kjærleiksvise som også er sett tonar til. Olaf Bull skriv og om sommar og kjærleik i diktet Til dig: “ Til dig, du kjæreste, kun dig, min deilige vår, min ungdom, mit følge på somrens vei -!” Også Rudolf Nilsen i sitt altfor korte liv skriv om sommar og kjærleik i Møte:” Best husker jeg dig alltid som du kom til gatehjørnet, hvor vi møttes ofte. Jeg syntes somren førte dig og solens flom lå som en kjærlig arm omkring din hofte!” Herman Wildenvey som er sommardiktaren framfor nokon om enn lite lest i dag skriv i Sommardagen: “ Jeg drukner blant blomster en sorg jeg har hatt, men sverger ved sommer og kjærlighet,at -:Jeg elsker deg, elskede, dag og natt.”

Slik kan vi la oss ta med oss desse vakre sommardagane som har inspirert så mange!




fredag 25. juli 2025

Den heilage families kyrkje i Gaza

 Dei kristen utgjer ein liten minoritet på  Gaza stripa. Mange har nok emigrert dei siste tiåra. Det er ei katolsk kyrkje nord på Gaza, sognepresten er argentinsk fødde Gabriel Romanelli. Denne vesle menigheten har stått i fokus i det siste i og med at kyrkja vart treft av granater 17. juli, tre personar omkom og 15 vart skadd, mellom dei også sognepresten som berre var lettare skadd. Under krigen har omlag 500 søkt tilflukt i kyrkja, dei fleste kristne men også ein del sterkt forkomne muslimar. Den heilage families menighet har vore svært aktiv med ungdomsarbeid, drift av skular, hjelpearbeid med drift av klinikkar i samarbeid med hjelpeorganisasjonen Caritas. Fleire Moder Teresa søstre har vore knytt til menigheten og teke seg av dei mest lidande. Pave Frans hadde nesten dagleg kontakt med sognepresten, og dette blir følgd opp av pave Leo og ikkje minst kardinal Pierbattista Pizzabella, den latinske patriarken av Jerusalem. Han var tidlegare i år nevnt som pavekandidat, etter terroråtaket på Israel i oktober 2023 skal han ha tilbudt seg å ta plassen til dei israelske gissela. Han gjer ein viktig jobb i Midt-Austen, og kom til Gaza saman med den ortodokse patriarken kort etter åtaket 17.juli. I det siste har lite og ingenting av naudhjelp kome inn til nordlege Gaza. Kardinal Pizzabella gjer det han kan for å betra situasjonen.

I eit intervju med ewtn oppmodar sogneprest Romanelli det internasjonale  samfunnet om forbøn  og hjelp. Gjennom bøn og diplomati er fred mogleg. Han fortel og om korleis han og ungdommane startar dagen klokka sju med stille tilbeding framom sakramentet der Kristus er konkret tilstades.

“Når vi går denne korsvegen i Gaza, held vi fast ved vona om at alle via crucis endar ved ei tom grav - med oppstoda. Kristus lir no i dei uskuldige. Men ein dag vil herlegdomen skina igjennom.”


Patriark Theofilos, kardinal Pizzaballa og sogneprest Romanelli i Gaza for få dagar sidan.



onsdag 16. juli 2025

Jomfru Maria av Karmelberget

 I dag 16.juli midt i sommarmånaden og ferietida feirer vi patronatfesten i Karmelittordenen til minne om Jomfru Maria eller Vår Frue av Karmelberget. Karmelittordenen oppstod på 1100 talet då eremittar på Karmelberget nord i Israel slo seg saman og fekk sin ordensregel godkjent av patriark Albert av Jerusalem i 1209, stadfesta av paven eit par år seinare. Etter muslimsk framgong utover 1200 talet utvandra dei fleste karmelittar til Europa der det første generalkapittel vart halde i Aylesford i England i 1245, Simon Stock vart då valgt til ordensgeneral framtil sin død i 1265. Dagens feiring skriv seg frå eit syn Den heilage Simon Stock hadde 16. juli 1251. Jomfru Maria skal då ha gjeve han eit brunt skapular som teikn på frelsa og forbundet med Gud. Simon grunnla eit brorskap som  bar skapularet, det vart seinare det som vi i dag kjenner som Karmels sekularorden. Underteikna har vore ein del av dette fellesskapet i omlag 20 år.

Vyrdnaden for Jomfru Maria har alltid vore sentral i Karmelittordenen. Ho er vårt vern og vår dronning, den som alltid går i forbøn for oss. Maria viser alltid mot Sonen, hennar livs velsigna frukt, særleg gjeld dette når vår utlendighets tid snart er forbi slik tilfelle er for fleire eg kjenner og som eg overlet i hennar varetekt.

Sub tuum praesidium confugimus, Sancta Dei Genitrix. Nostras deprecationes ne despicias in necessitatibus nostris, sed a periculis cunctis libera nos semper, Virgo gloriosa et benedicta. 

Under ditt vern tar vi vår tilflukt, Hellige Guds Mor.

Ta nådig imot de bønner vi ber i våre trengsler,

og frels oss fra alle farer.

Du evige Jomfru, velsignet og herlig.



søndag 6. juli 2025

Thérèse i skyttergravene.

 

Thérèse i skyttergravene.

Sommeren 1914 starter de blodige krigshandlingene som skulle utvikle seg til Den første verdenskrigen. Det var starten på et brutalt og blodig århundre, noen har karakterisert det som Europas første kollektive selvmordsforsøk! De tyske troppene nærmer seg Paris, men blir stoppet ved Marne og krigen utvikler seg så til en langtrukken skyttergravskrig med store tap på begge sider. Unge menn fylt av dødsangst og fortvilelse kjemper en meningsløs kamp. Men midt i dette vanviddet viser det seg noe som gir soldatene håp og lindring. I ettertid er det dokumentert gjennom tusenvis av brev sendt under krigen og etterpå, det siste så sent som i 1978. Brevene er tatt vare på og arkivert i karmelittklosteret i Lisieux. Noen er publisert, nylig også i engelsk oversettelse i boken «Sterkere enn stål» (Stronger than steel).

Når krigen bryter ut er det gått knapt 17 år siden Thérèse Martin sovnet inn i karmelittklosteret i Lisieux bare 24 år gammel, det er også mer enn 10 år til hun blir helligkåret. Selvbiografien «En sjels historie» kom kort tid etter hennes død, og ryktet om den hellige karmelittnonnen er i ferd med å spre seg i Frankrike, men også utover i den katolske verden. Mange av soldatene kjenner til henne, noen har lest «En sjels historie», og boken går etter hvert på rundgang i skyttergravene. Enda flere av de stridene bærer på seg medaljonger og billeder av Thérèse, noen hevder at det mot slutten av krigen dreier seg om halvparten av de franske soldatene! Dette er kanskje ikke så rart, når man er i konstant dødsfare og kamerater rundt en dør, tyr de fleste til høyere makter. Thérèse får etter hvert en helt spesiell posisjon ved fronten, hele regiment blir viet til henne. Soldatene har forskjellige betegnelser på Thérèse,som alle  avspeiler en sterk hengivenhet: «Vår lille søster i skyttergravene - Soldatenes venn – Slagmarkens engel – Vår kjære lille kaptein -Den store heltinnen i denne krigen.» Også familiene hjemme blir grepet av dette, på Thérèses grav er det blomster og billeder lagt ned av ektefeller og soldatmødre.

Hav er det som forårsaker alt dette, Thérèse døde jo for kort tid siden og var enda ikke formelt en av våre helgener? Rasjonelt er det ikke forståelig, men går vi til de mange brevene får vi et innblikk i en verden fylt av visjoner og mirakler. Thérèse viser seg gjentatte ganger ikke bare for enkelte soldater, men for hele grupper. Hun taler dagligdags til dem, letter deres tvil, styrker deres tro og håp, hjelper mot fristelser og demper angst og uro. Noen forteller at de på mirakuløst vis har overlevd, men vel så mange beskriver en styrket tro gjennom møte med henne og  hennes spiritualitet. Dette gjelder ikke bare franske soldater, vi kan her referere vitnesbyrdet til korporal James Dalton som tilhørte Royal Dublin Fusiliers og kom til fronten i september 1914. Han hadde kjennskap til Thérèse fra før, og  har en ekstraordinær opplevelse i skyttergraven som han beskriver i brevet til klosteret i Lisieux: «En kveld ved seks – halvsju tiden i oktober 1914 var jeg i skyttergravene. På dette tidspunktet avfyrte vi ikke skudd, for artilleriet var i aksjon på begge sider. Jeg bad til «Vår lille blomst», og plutselig viste en nonne seg for meg, seks eller sju fot fra meg. Hun var svært vakker, knelende, hodet bøyd og hendene foldet; men ansiktet hennes hadde et uttrykk av sterk tristhet, som om hun følte medlidenhet med oss. Jeg gjenkjente straks helgenen fra Lisieux. Dette skjedde ved Hiplines, nær Armentieres. Et par uker senere så jeg henne igjen to ganger med den samme holdningen som om hun bad for oss, og jeg følte at hennes beskyttelse omsluttet meg hver dag.»

Hvordan skal vi forstå betydningen av disse ekstraordinære hendelsene som er lite kjent i ettertid iallfall utenfor Frankrike. Dette kan naturligvis ikke sees isolert fra den enorme hengivenhet til Thérèse som spredde seg lik ild i tørt gress fra første utgivelse av «En sjels historie» i 1898. Krigen var det ultimate uttrykk for ondskap og lidelse og Thérèse hadde lovet å spre roser på verden etter sin død. Det er akkurat det hun gjør når hun dukker opp på slagmarkene for å trøste og gi håp. For det andre må dette sees som et uttrykk for at Gud alltid er nær i vår lidelse. Han er kanskje ekstra nær soldatene på slagmarken, de går jo igjennom litt av den samme lidelse og voldelige død som Guds sønn opplevet på Golgata! Gud bruker oss, både levende og døde, for å lindre lidelsen, og i Hans hender er Thérèse av Jesusbarnet og det hellige Ansikt kanskje et av de mest effektive redskap han kan benytte seg av.



søndag 29. juni 2025

Prestekall

 Kyrkja er avhengig av prestekall, lenge har det vore nedgang i prestekall i Europa, men kanskje er det i ferd med å snu? Fredag 27. juni vart 32 prestar frå ulik land ordinært av pave Leo IV. Det gjorde inntrykk  å sjå alle desse unge mennene liggande på golvet i Peterskyrkja medan Allehelgenslitaniet vart framfør. Alle klare for å tene Kyrkja, det gjev ei kjensle av von og fornya styrke!

I Frankrike er 90 prestekandidatar ordinært i juni, eit fleirtal på 64 bispedømmeprestar. Eit stort spekter både i alder og bakgrunn yrkesmessig. Felles var eit kall som vaks fram gradvis eller i ein del tilfelle ei sterk indre oppleving. Til dømes Stephane Esclef, tidlegare kokk i prestisjefylte etablissement, han opplevde eit sterkt møte med Jomfru Maria i Lourdes og kallet tok form. Jean Nielly var tidlegare kommandør i marinen. Xavier Laporte Weywada  bakgrunn som  bankmann, Maxence Caputo er arkeolog. Slik kunne ein halda fram med alle desse som forlet ein verdsleg karriere for å tena Kyrkja!

“Kall er Guds svar på våre bønner” har biskop Bernt Eidsvig uttalt.

Her heime kunne vi via katolsk.no føgja prestevigsla av 29 årige Mathias Bruno Ledum i St.Johanneskyrkja i Oslo. Dagen etter kunne vi følgja hans premissmesse i Maria kyrkja på Lillehammer. Biskop Fredrik stod for sermonien, han kjente Mathias frå før, heilt frå hans tid som ung ministrant. Gjennom ordinasjonen får presten eit sakramentalt segl for at han skal “ virke på Kristi vegne”.Denne kristologiske tenesta kjem på særskilt vis til uttrykk  i botens sakrament, i sjukesalvinga , men framfor alt ved på sakramentalt vis å bera  fram Kristi offer i messa sa biskop Fredrik innleiingvis i preika. Mathias heldt ein takketale til alle som hadde støtta han på slutten av sermonie, det gjorde inntrykk ikkje minst då han fortalte om mora frå Fillipinene som døydde av kreft då han bare var 19 år gammal. Eit par dagar før ho døydde fortalte han henne at han var inne på tanken om å ha eit prestekall. Det viste seg at ho hadde dette med i sine bøner. Det understrekar biskop Bernts ord om at kall er Guds svar på forbøner!

I forbøn for alle dei som kjenner på eit kall og dei som førebur seg til ordinasjon og presteteneste i desse dagar!




 



onsdag 25. juni 2025

Laudatio Si

 Det er ti år sidan pave Frans rundskriv Laudatio Si vart publisert. Det var eit sterkt innlegg i debatten omkring klima- og miljøkrisa vi står overfor. Det blei understreka at vår eksistens heng saman med jordas helse, og dette er eit ansvar vi må ta på alvor kristne såvel som ikkje kristne. Det pavelege rundskrivet bidrog såvel til Parisavtalen om klima og miljø, som Amazonas synoden i 2019 med fokus urfolks rolle i bevaringsarbeidet. Urfolks tradisjonelle kunnskap om utnytting av regnskogens ressursar er uvurderleg, og kan bidra til “ nye vegar for kyrkja og ein heilskapeleg økologi.” Den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas er viktig i denne samanhengen, Caritas har eit nettverk i så godt som alle land og har sånn sett ein spesiell forutsetning for å bidra i dette viktige arbeidet. Caritas Norge bidreg i arbeidet for å ta vare på regnskog i land som Colombia, Kongo og Etiopia. Samarbeidet mellom representantar for både kyrkja og urfolk er i sentralt i denne samanheng. Rovdrift på verdas ressursar er eit åtak på skaparverket.

Pave Leo ser ut til å følga opp pave Frans fokus på klima og miljø og sånn sett bli ein “ grønn pave.” Han har tidlegare karakterisert Laudatio Si som veldig viktig . Rundskrivet representerar noko nytt når det gjeld Kyrkjas omsorg for heile skaparverket. Med sin bakgrunn frå bispedømet Chiclayo i Peru har han sett klima- og miljøkrisa på nært hald, og har sånn sett gode forutsetningar for å halda fram i det sporet pave Frans la opp til.Biletet av den komande paven i vadestøvlar i ein flaumråka by i Peru er delt mange gonger og er i så måte illustrerande!



tirsdag 10. juni 2025

Det som var

 To korte romanar som nyleg kom på norsk, på ulik måte rører ved som ein gong og som no berre lever i erindringa og i dei indre bileta. Nobelprisvinnaren frå i fjor, koreanske Han Kang skriv i romanen “Hvit” om den døde søstera til den navnlause forteljaren. Mora fekk fleire år før ho vart fødd ein for tidleg fødd jentebaby som berre levde eit par timar. Faren la henne i eit kvitt klede og gravla henne i fjellet, men ho lever vidare i forteljarens konkrete bilete av alt det som viser seg i kvitt, barneklede, liksvøp, salt, snø,is, ris, tåke, brystmjelk, stearinlys,aske, kvite fuglar, kvit magnolia, lommetørkle, kvite bein, mjølkevegen. Det blir til saman eit slags sorgritual, eit minnearbeid. Ho sørger over storesøstera ho aldri fekk, men reflekterar og over sin eigen eksistens, hadde søstera levd opp hadde kanskje foreldra  valgt å ikkje få fleire barn ? Boka er karakterisert som roman, men er vel meir poesi enn prosa. Det er sorgfullt og mørkt, men mest kvitt for “ I det hvite, i alt hvitt, vil jeg puste inn din siste innpust.”

Den danske litteraturvitaren Lilian Munk Rösing minnebok i essayform”Kaplevej 97” handlar og om fortida sett gjennom augene til den vesle jenta ho ein gong var. Ho vender tilbake til huset der bestemora budde saman med dei to ugifte søstrene sine. Ho går frå rom til rom i huset og skildrar med utgangspunkt i  konkrete gjenstandar og assosiasjonar det ho ein gong opplevde her. Her er det ikkje tidleg død og sorg, ingen døde søsken, bestemora og grandtantene døyr mette av dager i høg alder. Dei lever vidare i dei gode minna og i ting etterkomarane har fått med seg etter arveoppgjeret. Det er ei stemninga i boka som mange nok kan kjenna seg igjen i,litt nostalgi og sorgkjensle, men mest takksemd over dei gode møta som ein gong var og som no lever vidare i erindringa.Forfattaren skriv:” Jeg følte verken sorg eller tomhet mens vi gikk gjennom tingene i huset, snarere en form for fylde, at huset var fullt av levd liv.Liv lagret i klær og tepper, møbler og servise, bilder og brev, nips og strikkekurver. Vi etterlot et rot til brukthandleren som tok seg av resten.”




mandag 2. juni 2025

Italienske forfattarar

 

 Tre favorittar

Italienske forfattarar

1.       Silvio Pellico (1789 – 1854)

Le mie prigioni – Mine fengsler er ein italiensk klassiker frå 1832 som kom i norsk omsetjing i fjor. Silvio Pellico var frå Piemonte og hadde i tidleg alder suksess som dramatiker. Deler av Italia var på denne tida hærsett av Østerrike, og Pellico deltok i fridomskampen. Dette medførte arrestasjon og langvarig fengselsstraff. Mine fengsler er i dagboksform ei skildring av det årelange  fengselsopphaldet. I eit poetisk språk skriv han om brutalitet og motgang, men og samhald og venskap. Det ender godt, han får sjå familien igjen!  

                                                                                         

2.       Primo Levi (1919-87)

Primo Levi kom frå ein jødisk familie i Torino. Han utdanna seg til kjemiker, men raselovene hindra karrieren. Under krigen deltok han i motstandskampen, vart teke til fange og sendt til Auschwitz. Etter krigen debuterte han  som forfattar og skreiv både  romaner, noveller og dikt. Men han er best kjent for sin skildring frå konsentrasjonsleiren i « Hvis dette er et menneske» og dei sjølvbiografiske novellene med tittelen «Det periodiske system». Det slår meg at Levis fangenskap er så mykje meir brutalt enn Pellicos hundre år før!

 

3.       Salvatore Quasimodo (1901 -68)

Italiensk poesi er nok ukjent for dei fleste, men kanskje kjenner nokon igjen det korte diktet Ed é subito sera. «Enhver står alene på jordens hjerte gjennomboret av en stråle av sol: og med ett er det kveld.» Quasimodo var fødd på Sicilia, men budde det meste av livet i Milano. Der skreiv han dikt om antikken, krigen og lengten til Sicilia.  Han vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 1959.

(Dag og Tid 30. mai 2025)


 


 

lørdag 24. mai 2025

Jomfru Maria

 Troskurs med undervisning for potensielle konvertittar. Temaet er denne gongen det katolske synet på Jomfru Maria. Det er ikkje alltid så lett å ta inn for dei som har ein protestantisk bakgrunn og har fått høyra at katolikkar “tilber” Jomfru Maria. Eg tek utgangspunkt i Det nye testamentet, og startar naturleg nok med Lukas første kapittel med skildringa av engelens bokskap til Maria og vitjinga hos Elisabeth.” Ver helsa du som har fått nåde” seier engelen til Maria. Tidsbruken er perfektum, Maria er alt nådefylt. Dette vart framheva av paven då Maria vart erklært fri frå arvesynd i 1854. Fire år seinare skal Jomfru Maria ha vist seg for den unge jenta Bernadette i Lourdes og erkært på den lokale dialekten: “ Que soy era Immaculada Concepciuo” ( Jeg er den uplettede unnfangelsen). Bernadette som knapt kan lesa og skriva, har ingen forståing av dette utsagnet, men det gjer sterkt inntrykk når ho fortel det til sognepresten. Går vi vidare i teksten kjem vi til det som for ettertida har blitt Magnificat - Marias lovsong der ho erklærar:”Og sjå,frå no av skal alle slekter prisa meg sæl.” Bibelteksten understrekar dermed den unike stillinga Maria skal ha for all framtid. Ho skal seinare bli erklært som Theotokos - Guds mor på  konsilet i Efesos i 431.

Vi går vidare og kjem til det å be om Marias, og andre helgenars forbøn. I Johannes andre kapittel finn vi skildringa av bryllaupet i Kana. Maria ser det katastrofale for brudeparet,vinen har teke slutt, ho gjer Jesus merksam på dette med orda:” Dei har ikkje meir vin.”  Ho peiker ikkje på ei løysing, men legg bare fram problemet, løysinga er Jesu sak! Maria ser dei nygiftes nød, og viser her at frå no er ho alle menneskers mor, ikkje bare Jesu mor. Maria blir ofte kalt:”Det gode råds mor”. Ho gjev oss gode råd  men råda er alltid ein variant av dette : “ Det som Jesus seier til deg, det skal du gjera.”

I den vesle boka “Maria i Bibelen og i vårt liv” siterar Wilfrid Stinissen Den heilage Thérèse frå Lisieux:” Vær ikke redd for å elske Den hellige Jomfru for mye. Du kan aldri elske henne tilstrekkelig, og Jesus kommer til å bli svært glad, ettersom Den hellige Jomfru er hans mor.” Så lenge vi lar Maria vera det som ho er, nemleg vegen til Jesus, er det ingen fare for at ho skal innta for stor plass i våre liv. Problemet kan bare oppstå når vi klipper av bandet som bind henne til Jesus og til Kyrkja og dermed gjer henne til noko ho ikkje er.

Kanskje lukkast eg med å gjera dette meir forståeleg. Vi innleiar med Angelus og avsluttar med Salve Regina,



lørdag 17. mai 2025

Thérèse 100 år

Gratulerer med dagen! Vi feirar nasjonaldagen i strålande mai-ver og glade menneske. Andre stader og kanskje spesielt i Frankrike, er det og noko anna å feira i dag - 100 års markering av heilagkåringa av St. Thérèse av Jesusbarnet og Det heilage Andlet. Det skjedde ikkje lenge etter hennar død i klosteret i Lisieux i 1897 berre 24 år gammal. Men på kort tid vart ho vart ho kjent og svært populær ikkje berre i Frankrike men over heile den katolske verda. Utgjevinga av sjølvbiografien “En sjels historie” hadde nok mykje å seia, men og eit anna fenomen som ikkje er så kjent. Det kom mange vitnemål frå soldatane i skyttergravene under Den første verdskrigen om Thérèse som støtte og oppmuntring, forbedar i dødens time, og ei rekkje mirakel. Klosteret i Lisieux fekk i periodar meir enn 100 brev om dagen frå soldatar i skyttergravene! Thérèse som var svak og sjukleg og levde livet i løyndom utan å utretta store ting, først i heimen i Lisieux og frå 15 års alder i karmelittklosteret. Men så viser ho oss den vesle vegen som står open for alle uavhengig av styrke og kva vi presterar av oss sjølve. “ De svagas styrke” skriv Wilfrid Stnissen i ei lita bok om Thérèse. Ho har revolusjonert oppfatninga av heilagdomen og vegen til heilagdom.” Det räcker med att ödmjuka sig och med tålmodig mildhet stå ut med sina fel. Det är den sanna heligheten.”

Thérèse vart i 1944 erklært som Frankrikes andre skytshelgen av pave PiusXII. Frå før er Frankrikes skytshelgen Jeanne d’Arc, altså to kvinner som begge døydde unge! St.Thérèse har inspirert katolikkar som forfattarane Paul Claudel og Georges Bernanos, filosofen Simone Weil, artisten Edith Piaf, atleten Alain Mimoun. Men Thérèses bodskap stopper ikkje ved Kyrkjas grenser, ho har utan tvil inspirert mange som ikkje deler hennar katolske tru, også ateistar. Vi er takksame for at Gud har gjeve oss ein helgen som Den heilage Thérèse av Jesusbarnet og Det heilage andlet som stadig viser oss sin “vesle veg”.

Frå ei lita bok med tekster av Thérèse for kvar dag gjennom året. 17.mai:

“Eg har ikkje kunna finne nokon skapnad som elskar meg alltid, for aldri å døy. Eg treng ein Gud som tar på seg min natur, blir min bror og kan gå gjennom lidinga.”



torsdag 8. mai 2025

Habemus papam

 Habemus papam blei det ikveld erklært frå Vatikanet. Vi har fått ein ny pave, amerikanske Robert Francis Prevost som tek pavenavnet Leo IV. Han er fødd i Chicago i 1955, vart prestevigd i 1982 og utnemd til kardinal av pave Frans i 2023. Han har studert matematikk og filosofi, og er språkmektig.Robert Francis Prevost tilhøyrer Augustinerordenen, og har mange år bak seg som misjonær og biskop i Peru. I det siste har han hatt til hald i Vatikanet der han har leia dikasteriet for bispeutnevningar. Han står i sentrum av Kyrkja  teologisk og vil nok halde fram i pave Frans ånd! Stor jubel frå dei fleire hundretusen på Petersplassen. Vi sluttar oss til dei i glede over pavevalget! Den nye paven held ei kort preike og velsigna så alle. Han avslutta slik:”La oss be sammen for denne nye misjon, for hele Kirken, for fred i verden, og la oss be om denne spesielle nådegaven fra Maria, vår mor.”



lørdag 3. mai 2025

Den neste paven

 Det er gått ei veke sidan gravferda til pave Frans. Sermonien på Petersplassen vart formidla gjennom dei fleste media også NRK. Ei enkel trekiste med oppslått Bibel på lokket, omgjeven av såvel truande som  statsleiarar og sentrale kyrkjelege leiarar også frå andre kyrkjesamfunn. Mange ønskte å ta avskil med pave Frans som gjorde eit sterkt inntrykk på alle som møtte han! Etter sermonien vart kista med paven køyrt gjennom Romas gater til Santa Maria Maggiore, kyrkja som var særleg viktig for paven, der han ofte kom for å be og der han ønskte å få sin siste kvilestad. Kyrkja ligg ikkje i eit velståande strøk, her er tilhald for dei som fell utanfor og som paven hadde særleg omtanke for. No kviler han i fred i denne kyrkja vigd til Maria, og med eit ikon som pave Frans vart sæskild glad  i .“ Herre gje han den evige kvila, og måtte det evige lys skinna for han!”

Verdas fokus var retta mot pave Frans gravferd for ei veke, i dag er det konklavet som skal samlast 7. mai som verdas merksemd rettar seg mot. 133 kardinalar under 80 år, to var for sjuke til å koma, skal samlast i Det sixtinske kapell for å avgjera kven som blir pave Frans etterfølgjar. Det er både i samtida og i historien ei hending utan samanlikning. Langt dei fleste kardinalane er utnemd av pave Frans, og vi vil sannsynlegvis få ein pave med tilsvarande proriteringar som Frans. Spekulasjonane er uansett mange, og media kjem med ulike lister om kven som er mest aktuelle. Eit element som vert framheva er at kardinalane kjem frå land i heile verda, og ikkje kjenner kvarandre så godt som  europearar og italienarar spesielt dominerte kardinal- kollegiet! Desse dagane fram mot konklavet møtest dei dagleg, og avgjersla er kanskje tatt alt før møtet byrjar neste onsdag. Vi vil nok få eit raskt svar, tidlegare konklav dei siste hundre åra har i gjennomsnitt vart mellom to og tre dagar.

Det er ein del navn som går igjen i dei ulike spekulasjonane om neste pave. Kanskje får vi igjen ein italiensk pave, Pietro Parolin, Matteo Suppi og Pierbattista Pizzaballa er navn som går igjen. Parolin er kanskje den mest aktuelle, statssekretær og med mange års internasjonal erfaring som diplomat og rekna som pave Frans høgre hand. Han var i Oslo i januar i samband med innsetjinga av Fredrik Hansen som biskop.Andre europeiske kandidatar er Peter Erdö frå Ungarn, Jean-Claude Hollerich frå Luxembourg, Jean-Marc Aveline frå Marseille , dessutan svenske Anders Arborelius som høyrer til karmelittordenen og som eg har møtt for ein del år tilbake. Det er sjølvsagt også mogleg at vi får ein pave frå Asia, der den mest aktuelle er Luis Antonio Tagle frå Fillipinene! Eller frå Afrika  Peter Turkson frå Ghana eller Fridolin Abongo frå Kongo. Kyrkja stoler uansett  på at Den Heilage Ande  er vegleiar i dette viktige valget. Eg trur dei køyrer “ safe” og vel Pietro Parolin ?



mandag 21. april 2025

Pave Frans

 Pave Frans døydde i dag tidleg etter lengre tids sjukdom, dødsfallet opplevdes difor som både forventa men og uventa då han syntest å vera i bedring. Han deltok i gårsdagens påskefeiring på Petersplassen, sjølv om han ikkje sjølv var istand til å framføra sin påskebodskap. Han var pave med omsorg for dei 1,4 milliardar har var valgt til leiar for like til det siste. Kreftene svikta og han var tydeleg prega av sjukdom dei siste dagane, kanskje er det då eit privilegium å kunna framføra påskebodskapen og velsigna folket, og så bli kalla heim av Herren!

Frå pave Frans påskebodskap:

Pave Frans ønsket god påske og lot så seremonimesteren, msgr. Ravelli, ved Kontoret for den øverste pontiffs liturgifeiringer, lese opp påskebudskapet:

Kristus er oppstanden, halleluja!

Brødre og søstre, god påske!

I Kirken gjenlyder i dag halleluja, det gjenlyder fra munn til munn, fra hjerte til hjerte. Halleluja-sangen får Guds folk til å gråte over hele verden.

Fra den tomme graven i Jerusalem når det uhørte budskapet fram til oss: Jesus, den korsfestede, «er ikke her, han er reist opp» (Luk 24,6). Han er ikke i graven, han lever!

Kjærligheten har seiret over hatet. Lyset har seiret over mørket. Sannheten har seiret over løgnen. Tilgivelsen har seiret over hevnen. Det onde er ikke forsvunnet fra vår historie, det blir værende helt til slutten, men det har ikke lenger overtaket, det har ikke lenger makt over dem som tar imot denne dagens nådegave.

Requiem aeternum

 

Requiem aeternam dona eis, Domine: 

Grant them eternal rest, O Lord,

et lux perpetua luceat eis. 

and may light eternal shine upon them.

(4 Esdr. 2, 34-35) 

Te decet hymnus Deus in Sion,

It is fitting that a hymn should be raised unto Thee in Sion

et tibi reddetur votum in Ierusalem:

and a vow paid to Thee in Jerusalem:

exaudi orationem meam,

give ear to my prayer, O Lord,

ad te omnis caro veniet.

unto Thee all flesh shall come at last.